Sogndal vidaregåande skule
Samlebilde

Flott kokkekamp ved Sogndal vgs

Kokkekamp 2019 vart arrangert for 9.klasse - 6 skular frå heile Indre Sogn deltok, og Sagatun skule frå Balestrand stakk av med pokalen.

Galleri

arbeidpåkjøken
Rettane_servert
Samlebilde
arbeidpåkjøken
Bordet_dekka
dommarbordet
fullfartpåkjøken
Hektisk_før_servering
Kake_vg1
Klar til servering
ordførarogrektoropnarkokkekamp

Fredag 29. mars stilte niande klasse i ungdomsskulane til Kokkekamp ved Sogndal vgs. Kokkekamp er eit samarbeidsprosjekt mellom stiftelsen Rekruttering til restaurant- og matfag, NKL Sogn og Fjordane, Opplæringskontoret for hotell og matfag og Sogndal vidaregåande skule, avdeling restaurant- og matfag.

Deltakarlaga kom frå niande klasse ved Kvåle Skule, Farnes Skule, Sagatun Skule, Leikanger Ungdomsskule, Feios Ungdomsskule og Aurland Ungdomskule. Elevane har jobba med ei matlagingsoppgåve der dei skulle lage kvardagsmiddag/festmåltid til ungdom med laks/ørret som hovudingrediens og ein dessert som er typisk for fylket vårt. Eitt lag frå kvar skule kjempe om finaleplassen, og mange svært gode rettar vart presentert for dommarane.

Etter lang tenkjetid, kåra dommarane Sagatun som vinnarar, men rektor Ole Jørgen Øygarden var tydeleg på at alle var vinnarar på ein slik dag

Målet med prosjektet er å styrke mat- og helsefaget, lokale råvarer, auke rekruttering til matfaglige utdanningar og omdømmebygging.

Takk til alle gode samarbeidspartnarar og gratulerer til alle finalelaga som gjorde ein flott innsats

Tips ein ven Skriv ut