Sogndal vidaregåande skule
Russen sin dag 2019

Russen sin dag 2019 ved Sogndal VGS

Onsdag 24. april arrangerte russen og Sogndal vgs "Russen sin dag". Dette er eit årleg førebyggjande tiltak i samarbeid med m.a Politiet og Statens vegvesen

Onsdag 24.04 arrangerte Sogndal vgs den årlege Russen sin dag.

Opplegget er for alle russ, både svart og raud. Arrangementet er eit samarbeid med ulike eksterne aktørar.

I år hadde me med oss SMISO (senter mot inscest og seksuelle overgrep), Statens vegvesen, Politiet, skulehelsesjukepleiar og Samferdsleavdelinga ved Sogn og Fjordane Fylkeskommune. I tillegg stilte skulen med grillmat til alle som var med.

SMISO hadde ein appell til ungdommen med film, og dei delte ut boksarar til alle. Statens Vegvesen hadde to stasjonar. Ein stasjon med film og informasjon om trafikktryggleik, den andre stasjonen var meir praktisk. Ungdommane fekk prøva seg på bråstogg, som simulerer ein kræsj på 7-10 km/t. Vidare fekk alle prøve VeltePetter, ein simulator på at bilen går rundt. Dei fekk også prøva promillebriller, som simulerer ein promille på 1,5 og 2.

Politiet snakka om konsekvensar og hadde gode rollepel på eventuelle møte som kan oppstå. Fylkeskommunen informerte om «Trygt Heim»-tilbodet sitt og skulehelsesjukepleiar Linda Habbestad Skorve var tydeleg på eigne grenser ifht press og seksualitet, samt viktigheita av inkludering.

Ein kjekk dag med nydeleg vær, og me rettar ein stor takk til samarbeidspartnarane.

 

Tips ein ven Skriv ut