Foto av to unge gutar som sit og jobbar konsentrert ved ein pc. Dei har namnelappar det står Andreas og Severin på. Den eine har svart lue, den andre briller.

Foto av to unge gutar som sit og jobbar konsentrert ved ein pc. Dei har namnelappar det står Andreas og Severin på. Den eine har svart lue, den andre briller.

Avtale om lån av læremiddel og utstyr

Alle elevar må signere på avtale om lån av læremiddel og utstyr frå Sogndal vidaregåande skule.

Avtala er digital, og ein må logge seg på med MiniID/BankID.

Er du under 18 år må føresette signere.

Digitalt skjema her

Meir informasjon:

Det digitale skjemaet krev autentisering med MinID/BankID ved opning, og aktuelle personalia-felt blir automatisk utfylt. Det er i tillegg ein innebygd alderssjekk slik at alle under 18 må oppgi føresettinformasjon. Ved innsending blir skjemaet signert digitalt, og dersom eleven er under 18 blir det i tillegg sendt eit signeringsoppdrag til den føresette. Etter signering er utført blir innsendinga importert til eleven si mappe i ePhorte. Journalpostane vi ha følgjande tittel: «Lånekontrakt for elevar i vidaregåande opplæring».

 

Alle innsendingar av signering vil bli lagra i elevmappene i ePhorte, men det er utover det ikkje ein stad der skulane til ei kvar tid vil få fullstendig oversikt over kven som har signert. Eleven sin dokumentasjon på innsendt signering er kvitteringa dei får ved signering. Denne vert sendt dei på e-post.