Behov

I alle innkjøpsprosessar er det viktig å tenkje nøye gjennom kva behov vi har – kva treng vi?

Korleis definere behovet?

Tenk over

  • kva treng du eigentleg? Kva er minstekravet?
  • kan behovet dekkast på andre måtar anna enn å kjøpe inn?
  • finst det ein rammeavtale som dekker behovet?
  • er behovet gjentagande?
  • finn ut kor mykje de har brukt på tilsvarande tidlegare
  • er kjøpet du planlegger innan eit definert risikoområde for sosial dumping,menneskerettar eller miljø/klima?
  • Finst det potensiale for innovasjon eller anna nytenking innan feltet der du vil gjere eit innkjøp?
  • Finst det potensiale for miljø-/klimavinstar innan for det kjøpet du planleggar? Er et moglegheit for å redusere bruk av plast/emballasje i kjøpet?
  • Er det behov for lærlingar i den bransjen du planlegger kjøpet ditt?

Miljø

Ved å konsentrere deg om det reelle behovet, i staden for løysingar, opnar du opp for andre løysingar som kan vere både rimelegare og mindre miljøbelastande. Sjå anskaffingar.no sine nettsider om miljøbevisste innkjøp

For fylkeskommunale tilsette:

  • Ta kontakt med innkjøpstenesta dersom du treng hjelp til å vurdere noko av dette

  • Husk å melde frå til innkjøpstenesta så tidleg som mogleg etter eit behov har oppstått slik at vi kan bidra til gode anskaffingsfaglege vurderingar.

  • I samband med budsjettprosessen kvart år blir det bede om at einingane melder inn innkjøpsbehov

  • Nokre kjøp skal politisk handsamast, sjå delegeringsreglement for å vurdere dette

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut