Blad og tidsskrift

Her presenterer eg blada som du kan låne på Sogndal vgs.

Sjekk ut og les om ulike tema som journalistar og forfattarar har brukt tid på å forfatte. Det er fantastisk mykje interessant å lese om i blad. Det kan vere insprerande, lærerikt, underhaldande og gi deg eit avbrekk frå det du elles stressar med i kvardagen! Nokre blad engasjerer og det er ikkje sikkert du er einig i påstandane heller, men du kan uansett rekne med å få utvida kunnskapane dine om verda og livet! Ikkje ille berre det! 

Mat fra Norge

Matfranorge.jpg

Bladet Mat fra Norge blir utgjeve av Aftenposten og presenterer norsk mattradisjon. Vi får vite kva som skjer i norsk matkultur for tida, besøker restaurantar og matprodusentar, og vi får i tillegg eit attendeblikk på kjøken- og mathistorie.

Her finn du presentasjonar og oppskrifter på alt frå brød, middagar, dessertar til kaker og drikke. Oppskriftene er på alle slags nivå frå det som alle kan lage til oppskrifter for dei med meir erfaring på kokkelering.

Mat fra Norge kjem med 12 nr. i året, og i kvart nummer er det artiklar frå ulike stader i Noreg.  Lokalmat-produksjon går att som ein viktig formidling i dette bladet, i tillegg til vektlegging av berekraftig produksjon.

I septembernummeret er det forresten ein liten spalte som fortel om prisen for beste norske vin, som for 2018 gjekk til Bjørn Bergum og Halldis Nedrebø som plantar vindruer og lagar vin på Slinde i Sogndal.

Her er det mykje inspirasjon og ein garantert konsekvens av å sjå i bladet er at du blir svolten!

 

Del dette:

Relaterte lenker