Sogndal vidaregåande skule
Politiet har digitalt foredrag

Foto: Charlotte Alme Bringe

Digitalt nettvett-foredrag

I nokre år har Sogndal vgs invitert politiet ved Sogndal Lensmannskontor til å halde foredrag om nettvett. I år baud det på litt utfordringar mtp korona og smittevern, og ikkje minst tidsbruk.

Difor vart det ei digital løysing tysdag 15. desember. 18 klassar på VG1, eller nærare 300 elevar, samtidig. Litt lydutfordringar undervegs, men alt i alt ei vellukka gjennomføring av foredraget, der politiet også kunne svare på spørsmål på direkten eller etterpå.

Takk til Jorunn Furuheim og Louis A A Skjæret, samt ein takk til IKT ved Sogndal vgs som bistod før og under foredraget. Politiet har gjeve sitt samtykke til publisering av biletet.