Sogndal vidaregåande skule
diplombilete

Diplom til realfagselevar

Tekst og bilete: Magnhild Sægrov

Elevar frå studiespesialiserande har delteke i tre ulike konkurransar i haust, og torsdag 30.januar var det klart for diplomutdeling! Setterektor Gro Fivelsdal delte ut diplom. Faglærarane Leidvin Vangestad, Mariann Vinsrygg, Torunn Marie Drageset Ellingsen og Magnhild Sægrov stilte opp saman med avdelingsleiar for realfag, Torunn Grut, for å gjere stas på elevane. Alle som deltok i konkurransane koste seg med kake og kaffi under diplomutdelinga. Dei som fekk diplom, var:

Kjemi-OL: Birte Teigen og Sigurd Lofnes Mellingen

Fysikk-OL: Øystein Skjerdal Bondevik

Abelkonkurransen: Amanda Marie Dyngen, Gaute Eliassen Hamre og Øystein Skjerdal Bondevik.

Øystein Skjerdal Bondevik går dessutan vidare til runde 2 i fysikk-OL, og Birte Teigen og Sigurd Lofnes Mellingen går vidare til runde 2 i kjemi-OL.