Drøfta framtida til fjordfylket

Det var stort engasjement då ungdommar i frå heile fylket var samla på fylkesting for ungdom (FFU) denne helga. Nokre av sakene som stod på dagsorden var innsparingskrava til fylkeskommunen, ny handlingsplan for Ungdomspolitisk utval (UPU) og val av nytt UPU.

– Det er utruleg kjekt å sjå mangfaldet av ungdom som engasjerer seg i fylket. Årets fylkesting for ungdom ber preg på dyktige og framtidsretta ungdom, seier nyvald leiar Sofie Sundberg.

Innsparingskrava til fylkeskommunen

I tider med store budsjettkutt er det viktig å setje saka på dagsorden for å fremje kva ungdommane meiner er viktig for eit fylke som er attraktivt og ein plass dei vil flytte heim til. Debatten gjekk føre seg i gruppediskusjonar, og stikkord som utmerka seg var psykisk helse, god infrastruktur, gode kulturtilbod og ein skule med høg kompetanse og eit godt miljø.

Ny handlingsplan for ungdomspolitisk utval

Kvart år skal fylkesting for ungdom komme med uttalar om kva dei meiner er viktig for ungdom i fylket, og kva saker FFU sitt arbeidsorgan, ungdomspolitisk utval, skal jobbe med fram mot neste fylkesting for ungdom

– Sakene som vart tekne opp under generaldebatten viste eit breitt spekter av tema. Eg tykkjer det er utruleg kjekt å sjå at ungdommen engasjerer på så mange ulike områder. Vi har debattert saker om alt frå miljøkoordinatorar, helsestasjon for ungdom, til nye retningslinjer for både fylkesting for ungdom og ungdomspolitisk utval, seier nyvald nestleiar Dorthea Keilegavlen Grane.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes tala til fylkesting for ungdom 2015Nye medlemmar i ungdomspolitisk utval

Det siste som stod på dagsorden på tingsetet denne helga var val av nytt Ungdomspolitisk utval. Alice Beate Holm og Ingrid Årdal var ferdig med sine periodar i utvalet, og Oline Birgitte Nave bad om å få trekke seg på grunn av skulegang, og det skulle difor veljast tre nye medlemmar til utvalet. Dag Henrik Nygård og Sofie Sundberg har eit år igjen av valperioden som går over to år.

Det var mange som ynskte å verte medlemmar i Ungdomspolitisk utval og engasjementet rundt valet var stor. Sofie Sundberg frå Sogndal vart valt til ny leiar og som nestleiar fekk ho med seg Dorthea Keilegavlen Grane frå Askvoll.

Ungdomspolitisk utval 2015/2016

  • Leiar: Sofie Sundberg, Sogndal
  • Nestleiar: Dorthea Keilegavlen Grane, Askvoll
  • Medlem: Dag Henrik Nygård, Flora
  • Medlem: Madlen Lehmann, Førde
  • Medlem: Rune Nygård, Flora
     
  • 1. varamedlem: Oline Birgitte Nave
  • 2. varamedlem: Ruben Skrede
  • 3. varamedlem: Bendik Hovland
  • 4. varamedlem: Ragnhild Taklo
  • 5. varamedlem: Jeanette Lauritsen

– Eg er utrulig overvelda og takknemlig for tilliten som er vist frå tingsetet. Det er ein ære å få representere så flotte ungdommar her i fylket. Eg ser fram til eit utrulig kjekt år med utvalet med mykje spennande på agendaen det neste året, seier nyvald leiar Sofie Sundberg.

Medieoppslag

Kontaktpersonar

Sofie Sundberg
leiar, Ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane
911 85 372
sofie.sundberg@icloud.com

Guro Høyvik
rådgjevar, kulturavdelinga

Sogn og Fjordane fylkeskommune
Guro.Hoyvik@sfj.no
415 30 608

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut