Sogndal vidaregåande skule
Tungestølen

Dronninga til bords!

Tekst: Erna Hamrum
Foto: Sogn Avis

Det var ein stor dag då dronning Sonja opna hyttetunet på Tungestølen fredag 6. september.

Elevar og yrkesfaglærarar frå avdeling Restaurant- og matfag fekk vera med å førebu og servera maten.

Dronninga sitt følgje fekk smaka lokal spekemat og ost.  Dei var og innom og helsa på kjøkkengjengen.

Dei inviterte gjestene fekk rømmegraut,  spekemat og flatbrød.

Me på RM- avdelinga syntes det var kjekt å bidra til dette flotte arrangementet !

Tips ein ven Skriv ut