Elev- og lærlingomboda i landet var samla i Førde

Elev- og lærlingombod i Sogn og Fjordane, Venke Nordeide, samla kollegaer frå heile landet i Førde i slutten av mars. Eit tema på samlinga var «det gode læringsmiljøet», og Firda vidaregåande skule deltok med eit innlegg som imponerte.

– Både tilsette og ein elev frå Firda formidla på ein framifrå måte korleis dei jobbar for å oppnå eit best mogleg læringsmiljø. Dei presenterte det på ein så god og visuell måte at det gav oss elev- og lærlingombod inspirasjon til å jobbe på same måte også ved andre skular og i andre fylke, fortel Venke Nordeide.

Representantane frå Firda la vekt på det å bry seg, sette av nok tid til den enkelte og ha inkluderande møteplassar og aktivitetar på skulen både i og utanfor skuletida for å skape eit godt læringsmiljø.

Ti elev- og lærlingombod frå heile landet deltok på samlinga i Førde 25.–27. mars. I tillegg til læringsmiljø, stod også mobbing, rekruttering av lærlingar og lærebedrifter og suksessfaktorar på dagsorden. Omboda nytta dagane til å diskutere felles utfordringar og lære av kvarandre sine erfaringar.

For meir informasjon

Venke Nordeide
elev- og lærlingombod i Sogn og Fjordane
tlf. venke.nordeide@sfj.no
e-post: 995 41 913

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00