Sogndal vidaregåande skule
MK_PC_Illustrasjon

Elev PC informasjon til elevar på Medie- og kommmunikasjon

Hei kjære elev som skal byrje på Medie- og kommunikasjon (MK) på Sogndal vgs

​Det er alltid ein del usikkerheit rundt kva datamaskin du treng for å gå på MK. Det er ingen fasit på dette. 

Det er ingen krav om MAC som mange trur. Programvara vi nyttar går til både MAC og PC. Du skal installere programvare frå Adobe og det krev både litt plass og krefter. 

Datamaskina skal vere ditt VERKTØY medan du går på MK og noko av arbeidet krev meir kraft og plass enn anna arbeid.

Det er spesielt filmredigering som krev RAM og prosessorkraft (pluss skjermkort). Er du veldig motivert til å jobbe med film på MK bør du kanskje investere litt i verktøyet ditt.

Som lærar på MK i 10 år har eg følgjande tankar om maskina:

  1. Lagringsplass

Som elev på Sogndal vidaregåande har du tilgang til skylagring (Office365 og OneDrive) so lenge du er elev. På MK treng du mye plass til lagring og backup. Men kjøp heller eksterne lagringseiningar du kan lagre på enn å betale for overdriven plass på maskina. 

Sjølv om du får lagre på OneDrive kan du ikkje ha råmaterialet på OneDrive og redigere samtidig. Det kan du frå ein ekstern harddisk (HD). Men vent med å formatere den eksterne HD til du kjem til oss. Lat den vere tom og ubrukt til du kjem hit :)

250GB lagringsplass bør vere nok. Så kan du heller kjøpe 1TB HD for ekstern lagring.

RAM

Det bør halde med 8GB RAM til alt anna enn film. Du kan jobbe med film sjølv om du har 8GB RAM og MYKJE tolmod:) Skal du jobbe mykje med film vil eg anbefale 16GB. 

Prosessor

i7 er å anbefale (særleg for filmskaparar) men du kan jobbe med i5.

Skjermkort

På MAC er de fleste skjermkorta raske nok. På PC vil eg anbefale å spørje seljar. Sei at det er for filmredigering. Det er film og 3D som krever mest av skjermkortene.

HMT (Helse, Miljø og Tryggleik)

Sjølv om du likar styreflatene på dei berbare maskinene bør du tenkje på helsa. Kjøp ei vanleg PC-mus. Det blir mykje dataarbeid. Og detaljarbeid i for eksempel photoshop vert enklare med mus!

Noko du framleis lurer på?

Ta gjerne kontakt viss det er noko du lurer på rundt dette med datamaskin. Det blir sikkert sagt mykje rart frå mange og det tekniske språket er heller ikkje lett å skjønne seg på.

Send gjerne ein SMS med info om at det gjeld datamaskinkjøp Sogndal VGS, så ringer eg opp igjen så fort eg kan. 

Mvh Per Henning Olsen (941 95 154)
Faglærar MK – Sogndal vgs

Tips ein ven Skriv ut