Sogndal vidaregåande skule
Elevrådsstyre - Sondre Sekse

Elevrådet har tankar om Vestland

Denne veka møtte elevrådstyret representant for Hordaland fylkeskommune, Arild Sondre Sekse - med Vestland som tema.

Tysdag 2. april møtte elevrådsstyret ved Sogndal vgs Arild Sondre Sekse frå Hordaland fylkeskommne i eit møte der tema var samanslåing av fylka Sogn og Fjordane og Hordaland til Vestland fylke.

Sekse var interresert i høyre kva våre elevar visste om samanslåinga og kva visjonar/meiningar dei har om samanslåinga. Elevane, med elevrådsleiar Hanna Fredheim i spissen hadde ein god samtale som romma både ynskjer og bekymringar. Arild Sondre Sekse, kjend for mange frå Vestlandsrevyen og NRK Sogn og Fjordane var lydhøyr for ungdommane og ville ta alt med tilbake til sine overordna.

Tilslutt på møtet fekk elevrådsstyret komma med eigne visjonar og verdiar dei ynskte storfylket Vestland skulle ha.

 

Tips ein ven Skriv ut