Sogndal vidaregåande skule
Bilete syner ein del av skulebygningen

1030700980

Endring i toppleiinga

Tekst: Henry Arne Helle

Det blir endringar i leiinga ved Sogndal vidaregåande skule. Rektor Ole Jørgen Øygarden er sjukmeldt, og dei helsemessige utfordringane gjer at han ikkje ser for seg å komme attende med det første. Han har difor valt å seie opp slik at rektorstillinga ved Sogndal vgs kan lysast ut.

Fram til 14. oktober fungerer Henry Arne Helle som rektor. Frå 14. oktober vil Gro Fivelsdal frå Dale vidaregåande skule vere setterektor.

Tips ein ven Skriv ut