Sogndal vidaregåande skule
Democracy Matters NOR logo

Digitalt Erasmus-møte på Sogndal vgs

Erasmus+ K2 skulesamarbeid Democracy Matters!

Tekst: Heidi Fondenes

Sogndal vgs samarbeider med skular i fem andre europiske land, Italia, Tyskland, Tsjekkia, Nord Irland (UK), og Hellas, i eit prosjekt som handlar om demokrati og menneskerettar. Sidan mars 2020 har me ikkje kunne reist til eller teke i mot besøk frå dei andre skulane, så gleda var stor når me fekk delta i eit digitalt Erasmusmøte 9. – 11. november.

IMG_3326_.jpg

Foto: Torunn Grut

Elevane samarbeider på Google Meet i ulike virtuelle klasserom med tema som menneskeverd, trugsmål mot menneskeverd og -rettar, retten til helse(hjelp) i dei ulike landa, og korleis Covid 19 har på verka demokratiet og menneskerettane til folk flest, med eit særleg fokus på ungdom sine erfaringar og tankar kring dette. Elevane produserer videoar og PowerPoint-presentasjonar som blir delt med alle.

IMG-20211110-WA0000.jpg

Foto: Heidi Fondenes

Torsdagen avsluttar me møtet med ein italiensk fest. Me skulle veldig gjerne ha vore på pizzarestaurant i Nettuno, Italia, trøysta får vera at på denne måten får alle elevane vera med på festen, ikkje berre dei som er på utveksling. Me gler oss til å halda fram med prosjektet og kryssar fingrar for at Sogndal vgs kan få vera vertskap for elevar og lærarar frå partnarskulane i april 2022. Til dess, viva Italia for eit godt gjennomført møte, og viva Erasmus for ei lukkeleg fortsetjing!