Foto av eit fagbrev, som blir halde opp framfor kameraet. I bakgrunnen ser vi fleire personar som står på ei scene og har motteke fagbreva sine og held dei opp framfor seg.
Foto av eit fagbrev, som blir halde opp framfor kameraet. I bakgrunnen ser vi fleire personar som står på ei scene og har motteke fagbreva sine og held dei opp framfor seg.

Foto: Ole Johnny Devik

Fagbrevutdeling 17. mars 2017

Det vert utdeling av fag- og sveinebrev på Hotel Alexandra i Loen fredag 17. mars kl. 18.00.

Utdelinga i år fordeler seg på over 60 fag, og vi har fleire nye fag i år – blant anna modellbyggarfaget og serigrafifaget. I tillegg vert det delt ut meisterbrev i bakar- og konditorfaget, begge til same kandidaten.

205 av kandidatane er påmelde og tek i mot fagbreva sine denne kvelden. Det er ny rekord i tal deltakarar, noko fylkeskommunen tykkjer er veldig flott.

Fylkesordføraren deltek

Det vert helsingar frå både LO og NHO under utdelinga. Fylkesordførar Jenny Følling vil også ha ei helsing, samt delta i utdelinga av fagbreva saman med leiaren for fagopplæringsnemnda, Nils P. Støyva.

Fagopplæringsnemnda i Sogn og Fjordane har sidan 1981 hatt gleda av å dele ut fag- og sveinebrev. Frå 2003 er det òg delt ut meisterbrev på vegne av Meisterbrevnemnda. Nytt av året er utdeling av kompetansebrev.

736 fagarbeidarar er inviterte til fag-, sveine-, kompetanse- og meisterbrevutdelinga på Hotel Alexandra i Loen. Av desse er 439 lærlingar, 267 praksiskandidatar, 18 elevar i skule og 12 lærekandidatar.

For meir informasjon

Sissel Brusegård
teamleiar
sissel.brusegard@sfj.no
405 24 464

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00