Sogndal vidaregåande skule
Russen 2021 - Rosa sløyfe-aksjon

Russen 2021 - Rosa sløyfe-aksjon

Felles foreldremøte for russen i Vestland

Samarbeidsgruppa for russen arrangerer felles foreldremøte for russen i Vestland fylkeskommune 18.02.2021.

Møtet vert ei direktesendt TV sending. Sendinga går frå eit studio, direkte heim til føresette og russen. Føresette og russen vil motta ein SMS med informasjon om denne sendinga.

Sendinga går kl. 18.00 og vil vare ca 45 – 50 minutt.

 

Under sendinga vert det moglegheit for sjåarane å stille spørsmål til eit «ekspertpanel». I dette panelet sit Russepresidenten for Vestland, Politi, Helsesjukepleiar, Trygg Trafikk, Vegvesenet og Vestland fylkeskommune, v/ Fylkesdirektør OPKO.

Programleiar for sendinga er Kari Birkeland.

Fylkesordførar Jon Askeland opnar møtet. Styret for russerådet vert også til stades i dette møtet.

Målet er å få ei inkluderande og trygg russetid for all russen i Vestland.

 

Sendinga vil gå frå ei lenke på nettsida til Vestruss.no, når lenka er klar frå TV selskapet, vert den lagt ut der.

Informasjon om dette vil føresette og russen få i SMS.