Biblioteket på Sogndal videregåande skule
Biblioteket på Sogndal videregåande skule

Foto: Else Ness/Sogndal vidaregåande skule

Førsteval til dei aller fleste

3524  søkjarar til vidaregåande opplæring får no tilbod om skuleplass på det programområde dei hadde som førsteval. Dette er 88 prosent av alle søkjarane  med ungdomsrett.

Også i år kan vi tilby dei aller fleste av dei unge det opplæringstilbodet dei har som førsteprioritet. Dette er gledeleg, seier Tor-Einar Holvik Skinlo, ass. fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Andre inntak 29. juli

Til saman har 4310 søkt om skuleplass i Sogn og Fjordane til skuleåret 2016-2017. Av desse har 4071 ungdomsrett.

55 søkjarar får i år tilbod om vidaregåande opplæring i andre fylke. Det  gjeld søkjarar som har rett til opplæring i nabofylke gjennom Hordalandsavtalen, og søkjarar til tilbod som vi ikkje tilbyr i eige fylke.

250 ledige skuleplassar

Etter første inntaket er det om lag 150 søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass. Søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått tilbod om skuleplass vil få tilbod i andre inntak eller etter at skulane tek over inntaket frå 8. august. Det er om lag 250 ledige plassar på skulane i fylket.

Alle søkjarar utan ungdomsrett står på venteliste og kan bli tekne inn til ledige plassar etter 8. august.

Vidare tidsplan for inntaket til vidaregåande skule:

  • 5. juli, melding blir sendt til alle søkjarane - første inntak
  • 14. juli, svarfrist første inntak
  • 29. juli, melding om andre inntak
  • 3. august, svarfrist andre inntak
  • 8. august, dei vidaregåande skulane har ansvar for inntaket
  • 15. august, skulestart

Tabell etter første inntak – tabellane blir oppdaterte etter 29. juli.

For meir informasjon

Tor-Einar Holvik Skinlo
ass. fylkesdirektør for opplæring
Tor-Einar.Holvik.Skinlo@sfj.no
958 39 029

 

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00