Sogndal vidaregåande skule
Inngangsparti til Sogndal vgs

Inngangsparti til Sogndal vgs

Foreldremøte 14. sept.

I år vert det vanskeleg å gjennomføre vanlege foreldremøte på grunn av Covid-19, og vi inviterer difor til virtuelle foreldremøte. Les meir om korleis du får tilgang til møta.

Eigenmelding som gjeld fråvær av helsegrunnar_skjema.docxEigenmelding som gjeld fråvær av helsegrunnar_skjema.docx PDF document ODT document I denne lenka finn de instruks for tilgang på stream.


Det vert foreldremøte for vg 1 måndag 14. september klokka 17.30 til 18.30. De får tilsendt ei lenke på SMS som gir dykk tilgang til møtet via streaming. Vi legg til rette for at de kan stille spørsmål via ei chatteteneste, og vi vil svare på spørsmåla på slutten av innlegga. Klikk deg inn her for vg1-streamen for foreldremøte.

Tema for foreldremøtet er:

Klassevise samlingar med kontaktlærar vert  gjennomførte digitalt i veke 39 eller 40. Det kjem eiga innkalling til samlingane.

For vg 2 vert det foreldremøte måndag 14. september klokka 19.00 til 20.00. De får tilsendt ei lenke på SMS som gir dykk tilgang til møtet via streaming. Vi legg til rette for at de kan stille spørsmål via ei chatteteneste, og vi vil svare på spørsmåla på slutten av innlegga. Klikk deg inn her for vg2-streamen for foreldremøte.

Tema for foreldremøtet er:

  • Korleis påverkar korona skulekvardagen?
  • Korleis få til eit godt samarbeid mellom heim og skule?
  • Skulen sine satsingar

Klassevise samlingar med kontaktlærar vert  gjennomførte digitalt i veke 39 eller 40. Det kjem eiga innkalling til samlingane.