Sogndal vidaregåande skule
Bilete frå Pixabay

Bilete frå Pixabay

Forlenger unntak frå fråværsreglane

Regjeringa har vedteke å forlenge dei førebelse unntaka frå regelverket om fråvær ut skuleåret 2020-2021. Det betyr at elevar som har fråvær av helsegrunnar kan sleppe å gå til fastlegen for å få dokumentert fråværet. 

Elevar under 18 år må likevel legge fram stadfesting frå éin forelder, mens myndige elevar kan legge fram eigenmelding.
Fråvær av helsegrunnar omfattar blant anna sjukdom, karantene eller isolasjon, og i tillegg milde luftvegssymptom og sjukdomskjensle. Fråvær for til dømes beinbrot eller psykisk sjukdom er omfatta av unntaka. Sidan timefråvær også er omfatta, vil det òg gjelde time hjå psykolog, kiropraktor eller liknande.

Dersom eleven legg fram stadfesting frå éin forelder eller eigenmelding, skal fråvær av helsegrunnar i ovanfor nemnde periode
·       ikkje førast som fråvær på eleven sitt vitnemål og kompetansebevis i grunnskulen og vidaregåande skule
·       unntakas fråværsgrensa

Her finn du eigenmeldingsskjema som gjeld fråvær av helsegrunnar. PDF document ODT document