Foto av skodespelar Susanne Boucher, som er kledd i ein kvit topp og har dei mørke krøllane hengjande laust. Ho ser rett i kameraet.
Foto av skodespelar Susanne Boucher, som er kledd i ein kvit topp og har dei mørke krøllane hengjande laust. Ho ser rett i kameraet.

Skodespelar Susanne Boucher kjem til Sogndal Filmfestival for å delta på både fagdagen og gallakvelden. (Pressefoto)

Frikjent-Helene til Sogndal Filmfestival

– Vi er veldig stolte av å presentere Susanne Boucher som vår første gjest og føredragshaldar ved Sogndal Filmfestival 2017, fortel festivalsjef Sunniva Breidvik.

Susanne Boucher (19) debuterte som skodespelar i rolla som Mari i «Keeper’n til Liverpool» i 2010. Ho er mest kjend for rolla som Helene Hansteen i «Frikjent « (2015), den norske krimdramaserien som er delvis spelt inn i Lærdal og Årdal i Sogn.

I tillegg til dette har Boucher også spelt Cecilie i «Beatles» (2014) og hatt ei lita rolle i VGTV-serien «Kasim Bæder».

Lovar fleire føredragshaldarar

Fredag 24. mars kjem ho til Sogndal for å delta på fagdagen til Sogndal Filmfestival. Her kjem ho til å fortelje om filmkarrieren sin, om innspelinga av «Frikjent», og om kva som gjekk føre seg i kulissane. Fagdagen vert i Sogndal Kulturhus, og Boucher får selskap av fleire andre føredragshaldarar.

– Vi har framleis fleire kjende namn som vi skal presentere etterkvart, seier Sunniva Breidvik.

I fjor vitja blant andre TV-aktuelle Leo Ajkic og filmregissør Erik Poppe festivalen, som vert arrangert av avgangsklassen i medium og kommunikasjon ved Sogndal vidaregåande skule.

Send inn filmar

Susanne Boucher vert også å treffe på gallakvelden 23. mars. Her blir det raud løpar og prisutdeling med prisar i mange forskjellige kategoriar. Gallakvelden har også underhaldningsinnslag og enkel servering, og arrangørane lovar ein kjekk kveld for både unge og vaksne.

Sogndal Filmfestival tek mål av seg til å vise fram det beste av ung, vestlandsk kortfilm og ønskjer seg fleire filmar til konkurransen. Fristen for å sende inn er 23. februar, og aldersgrensa for å sende inn film er 28 år.

– Du kan melde deg på så mange kategoriar du vil, med så mange filmar du ønskjer, fortel marknadssjef Magnus Førde.

Alle priskategoriane finn du på heimesida til Sogndal Filmfestival.

Du kan følgje Sogndal Filmfestival på Facebook.

For meir informasjon

Sunniva Breivik
festivalsjef 
sunnivab@sogndalfilmfestival.no
941 33 142

Magnus Førde
marknadssjef
marked@sogndalfilmfestival@no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00