Foto av elevane i ungdomsbedrifta RAW Media UB ved Hafstad vidaregåande skule. Biletet er frå ein studietur til Frankrike, og elevane er samla på ein topp over byen dei besøker. Fleire av elevane har speglreflekskamera i hendene.
Foto av elevane i ungdomsbedrifta RAW Media UB ved Hafstad vidaregåande skule. Biletet er frå ein studietur til Frankrike, og elevane er samla på ein topp over byen dei besøker. Fleire av elevane har speglreflekskamera i hendene.

Elevane i RAW Media UB på studietur til Frankrike tidlegare i år. Foto: Ole Johnny Devik, Hafstad vidaregåande skule.

Global pris til RAW Media UB

Ungdomsbedrifta RAW Media UB frå Hafstad vidaregåande skule har saman med ungdomsbedrifta Wirbasing frå Spania vunne “EwB Global Joint-Venture award 2015”.

Wirbasing og RAW media UB står bak samarbeidet Wirbasing Europe joint-venture company. Bedriftene har saman selt innovative trådlause solcelleladarar for mobile einingar. Dei to ungdomsbedriftene har besøkt kvarandre, samt delteke på salsmessa "International Student Company Fair" i Riga i vinter. Elevene imponerte EwB-juryen med ein sterk marknadsplan, produksjon og forretningsmodell, i tillegg til god finansiell kunnskap.

Ungdomsbedrifta i Førde har hatt ansvaret for marknadsføring og profilering, medan den spanske ungdomsbedrifta har hatt ansvaret for produksjon og økonomi. Elevane i RAW Media UB har Ole Johnny Devik som lærar.

680 ungdomsbedrifter fra 34 land har delteke i Enterprise without Borders (EwB)-programmet dette skuleåret. EwB er eit program utvikla av Junior Achievement (JA) for elevar som deltek i Ungdomsbedrift. Gjennom EwB samarbeider ungdomsbedrifter på tvers av landegrenser. EwB gjev elevene internasjonal erfaring.

Les meir om EwB-prisen her.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00