Tre menn og ei kvinne er stilt opp i eit lokale med stolar og folk i bakgrunnen
Tre menn og ei kvinne er stilt opp i eit lokale med stolar og folk i bakgrunnen

– Dette er ein god endring for oss som jobbar med vaksenopplæring, seier Asbjørn Støverud, leiar av vaksenopplæringa i Oslo (f.v.) som deltok på den nasjonale konferansen om vidaregåande utdanning for vaksne, saman med Mari Anne Sundal, rådgjevar Sogn og Fjordane fylkeskommune, Bjørn Bonsaksen, rådgjevar Nordland fylkeskommune og Per Willy Mørk Karlsen, leiar av vaksenopplæringa i Hordaland

Gloppenmodellen gjev resultat

Tilbakemeldingane er tydelege: Innsatsen for utdanning av minoritetsspråklege vaksne i helsefag får folk ut i jobb.  

Gloppenmodellen vart presentert på ei nasjonal nettverksamling om vidaregåande opplæring for vaksne i Bergen. Representantar for fylkeskommunar og fylkesmennene i landet deltok på konferansen over to dagar.

Mari Anne Sundal, rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune, presenterte Gloppenmodellen.

– Det første kullet starta i 2013. No er vi i gang med det tredje kullet. Dette er eit samarbeid mellom tre partar: Gloppen kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og NAV. NAV tok initiativ til samarbeidet. Dei såg at det var svært vanskeleg å skaffe minoritetsspråklege vaksne opplæring og jobb. På den andre sida har kommunane stort behov for helsefagarbeidarar.

Gode karakterar

Sundal seier at samarbeidet har vore svært vellukka

– Det første kullet gjorde det godt og fekk gode karakterar. Tilbakemeldingane frå praksisplassane er svært gode. Dei er blitt gode helsefagarbeidarar.

Kandidatane har vore gjennom eit utdanningsløp på fire år. Dei tre første med kombinasjon mellom teori og praksis og det siste året i lære. No er Gloppenmodellen utvida til å gjelde åtte kommunar i Sogn og Fjordane.

Norskopplæring først

Leiar av vaksenopplæringa i Hordaland Per Willy Mørk Karlsen understreka kor viktig vaksenopplæringa er.

– Vi har to utfordringar framover. Innvandrarar og flyktningar manglar norsk språk. Brukar dei vaksenretten for tidleg blir alle taparar, både elev, klasse og lærarar. Då går utdanninga rett ut av vindauget. Norskopplæring er viktig før dei brukar vaksenretten til vidaregåande opplæring, seier.

Stortingsmelding 16

Stortingsmelding 16 inneheld tiltak som skal gje vaksne betre moglegheiter til å styrke kompetansen sin, auke deira sjanse til å delta i opplæring og få godkjent kompetansen dei har med seg. Målet for regjeringa er at den einskilde skal ha kompetanse som grunnlag for stabil og varig tilknytning til arbeidslivet.

Regjeringa vil: 

  •  Føreslå at opplæringslova blir endra slik at ungdomsretten til vidaregåande opplæring går direkte over til vaksenretten 
  •  Vurdere å endre opplæringslova slik at vaksne som har gjennomført vidaregåande opplæring i utlandet og som ikkje får denne godkjent i Noreg, får rett til vidaregåande opplæring

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00