Foto frå næringsreisa i 2015, frå besøket hjå Havyard Verft i Leirvik. Biletet syner tre personar, der mannen til venstre orienterer dei to kvinnene til høgre. Dei har raude hjelmar alle mann. Foto: Karriere Sogn og Fjordane
Foto frå næringsreisa i 2015, frå besøket hjå Havyard Verft i Leirvik. Biletet syner tre personar, der mannen til venstre orienterer dei to kvinnene til høgre. Dei har raude hjelmar alle mann. Foto: Karriere Sogn og Fjordane

Deltakarane på næringsreisa var mellom anna innom Havyard verft i Leirvik. Foto: Karriere Sogn og Fjordane

Godt gjennomført næringsreise

Båtbygging, trailerkøyring og ulike bedriftsbesøk stod på programmet då rådgjevarar, lærarar, NAV-tilsette og arbeidslivskontaktar var på reise i Sunnfjord og HAFS 15 og 16. september 2015.

– Vi hadde ei svært vellukka næringsreise tysdag og onsdag. Til saman 32 deltakarar var med, og det var kamp om plassane. Vi fekk eit godt innblikk i kva moglegheiter som finst i næringslivet i desse regionane, og deltakarane fekk også godt høve til å snakkast og lære av erfaringar dei hadde med seg frå før, seier Siv Kristin Flekke i Karriere Sogn og Fjordane.

Næringsreisa er eit årleg arrangement i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune ved rådgjevingstenesta Karriere Sogn og Fjordane. I år var reisa eit samarbeid med opplæringskontora for service og samferdsle (SOTIN) og teknikk og industriell produksjon (PRO).

Nyttig å møte næringslivet

Næringsreisa starta i Førde, i Concordbygget, der begge opplæringskontora held til. Der var det informasjon ved bedriftene Firda Billag i Førde og Tenden Transport i Stryn. Transportfagslærar ved Mo og Øyrane, Reidar Svalheim, og leiar ved PRO-opplæringskontoret, Jorunn Eide Kirketeig, deltok også med orienteringar.

Merete Bruland Andersen er tilsett på NAV i Førde og deltok i år på si andre næringsreise. Ho ser dette som ei gyllen moglegheit til å bli kjend med næringslivet i fylket. 

– Eg jobbar berre mot næringslivet, og det er viktig å kjenne arbeidsgjevarane like godt som brukarane for å drive eit godt oppfølgingsarbeid. På denne reisa var vi mellom anna innom Trappeprodusenten i Askvoll, ei bedrift eg ikkje kjende noko særleg til frå før, men som det er veldig nyttig å ha kjennskap til, seier Andersen. 

Praktiske øvingar

Etter bedriftspresentasjonane vart deltakarane delte inn i tre grupper for praktiske øvingar. Alle fekk prøve seg på å lage ein liten båt, i regi av PRO-opplæringskontoret. I tillegg stilte SOTIN-opplæringskontoret trailer-simulatoren sin til rådigheit.

– Den praktiske sekvensen var veldig populær. Det var artig og lærerikt med både båtbygging og trailerkøyring. Rådgjevarane i både grunnskule og vidaregåande skule fekk då prøve seg i fagområde som kan vere aktuelle for elevane dei har kontakt med. Det trur eg er ei god øving, seier Flekke i Karriere Sogn og Fjordane.

Næringsreisa vart avslutta onsdag 16. september med besøk til Trappeprodusenten i Askvoll, Havyard i Leirvik og Nistad transport i Sande – tre bedrifter som er svært ulike i både innhald og storleik.

Sjå bilete frå næringsreisa på Flickr-kontoen til fylkeskommunen.

Presentasjonar

Resten av presentasjonane frå Concordbygget i Førde 15. september vert lagde ut her på heimesida til fylkeskommunen etter kvart som vi får dei.

For meir informasjon

Stein Inge Strøm
karriererådgjevar, Karriere Sogn og Fjordane
92 89 35 47
stein.inge.strom@sfj.no

næringsreise3.jpg

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00