Sogndal vidaregåande skule
Sogndal_vgs_inne

Godt nytt år!

Tekst: rektor Jorunn Felde

Skulestarten har gått fint, og om lag 60 prosent av elevane er på skulen til ei kvar tid. Vi klarer å halde avstandskrava, men likevel er det smitte på skulen. Pr no er det ikkje mange smitta, men vi reknar med at smittetala vil auke framover.  

Det er smittevernteama i dei ulike kommunane som avklarar kven som er nærkontakt og «øvrig nærkontakt». Skulen hjelper til i smittesporinga. Det er viktig at elevane held seg til informasjonen dei får og gjennomfører smittetesting. Rutinen vi nyttar ligg på elevteamet. 

Vi håpar sjølvsagt på ein så smittefri termin som mogleg, og at vi får alle elevane tilbake på skulen kvar dag.