Sogndal vidaregåande skule
Første morgon med gratis frukost

Første morgon med gratis frukost

Gratis skulefrukost

Tekst og bilete: Charlotte Alme Bringe 
 

I dag, onsdag 18.11.20, stod rektor Jorunn Felde klar til å dele ut havregraut til frukost for elevar som ynskjer det. Tilbodet er gratis, og grauten vert servert frå ca 07.30 til 08.00.

Det er ikkje påmelding, men alle elevar som nyttar seg av tilbodet vert registrert. Og i dag var det 16 stk som dukka opp til graut med kanel, sukker og saft.

Tilbodet varar fram til jul.