Heilskapleg sårbarheitsanalyse for Sogn og Fjordane

Rapporten "Heilskapleg sårbarheitsanalyse for Sogn og Fjordane" er utarbeida av Vestlandsforsking i prosjektet "Samhandling for Grønt Skifte" som del av arbeidspakke 2. 

Den første delen av samhandlingsprosessen i prosjektet var mellom dei lokale kunnskapsmiljøa (Vestlandsforsking og HVL) og dei regionale aktørane (Fylkeskommunen, Fylkesmannen, Statens vegvesen Region vest, og NVE Region Vest) om å lage eit kunnskapsgrunnlag for den vidare samhandlinga med dei lokale aktørane og dei lokale planprosessane. Denne delen av samhandlinga vart leia av Vestlandsforsking, og arbeidet var retta inn mot å lage ein rapport som skulle samanfatte og så langt som mogeleg bryte ned relevant klimakunnskap på regionalt nivå; altså fylkesnivå.

Den er meint å gi ei heilskapleg analyse av sårbarheita på klimaområdet for Sogn og Fjordane.

"Heilskapleg" fordi den både analyserer

  • den direkte lokale sårbarheita for lokale klimaendringar
  • den indirekte lokale sårbarheita for klimaendringar i andre regionar og land
  • den lokale sårbarheita for ein meir ambisiøs internasjonal og påfølgjande nasjonal klimapolitikk.

Rapporten er utarbeida med ein kombinasjon av skriftlege tilbakemeldingar frå relevante etatar og styringsgruppa, kombinert med systematiske intervjurundar av eit utval representantar frå regionale partnarar i prosjektet. Det blei laga eit intervjuopplegg med 3-8 representantar frå desse aktørane:

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Fylkesmannen ​i Sogn og Fjordane, Miljøvernavdelingar
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Beredskapsavdelinga
  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Landbruksavdelinga
  • Statens Vegvesen Region vest
  • NVE Region Vest

Rapporten er meint å vere eit kunnskapsgrunnlag for dei vidare lokale analysane som vil bli gjennomført i deltakarkommunane i fylket. Rapporten kan du lese her.

Skjermbilde.PNG

Arbeidet ute i kommunane kan lese meir om her.

Les meir om prosjektet Samhandling for grønt skifte her.

Samarblogo.PNG

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Ida-Beate Mølmesdal
Rådgjevar, klima og miljø
Ida-Beate.Molmesdal@sfj.no
476 04 557

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette