Foto av Jon Askeland, Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus.

Ungdomen i Vestland slår seg saman

– Vi ser på samanslåing og samarbeid som positivt. Vi blir større og får meir makt, seier Marthe Teigen Refsnes og Oda Medhus. I helga slo fylkestinga for ungdom i Sogn og Fjordane og Hordaland seg saman til eit felles fylkesting for ungdom i Vestland.

Foto av fylkesordførarkjeda for Vestland.

Ny fylkesordførarkjede for Vestland er klar

16 motiv frå heile Vestland dannar den rykande ferske fylkesordførarkjeda som den nye fylkesordføraren får overrekt i Håkonshallen tysdag kveld. Motiva er nøye valde. Her skal det vere noko som alle kan kjenne seg igjen i. Her er alt frå fjordhest og sild, til Bryggen og bru. Og ein QR-kode.

Illustrasjon frå den visuelle identiteten til Vestland fylkeskommune. Illustrasjonen har blå bakgrunn og visualiserer eit kart sett ovanfrå.

Vestland får spreke fylkesfargar

I samband med konstituerande fylkesting blir dei første smakebitane av Vestland fylke sin visuelle identitet presentert. Det nye fylket får spreke fargar og visuelle tilleggselement i fugleperspektiv.

Foto av taxi-skilt. Skiltet er blått og festa til ein stolpe. Det står skrive taxi med kvit skrift på det, og det er ei kvit råme rundt ordet. I bakgrunnen ser vi grøne tre.

Ledig drosjeløyve i Stryn

Det ledige løyvet er stasjonert i Innvik. Det gjeld personbil med inntil ni sete, og det er også krav om at bilen er tilrettelagt for rullestol.

19. november 2019 |  Les meir ›
Foto av fem menn som sit oppå kassar med dagsturhyttebrosjyrer. Dei held også brosjyrer i hendene.

Praktbrosjyren om dagsturhyttene er klar

I desse dagar er den 76 sider store brosjyren om dagsturhyttene i Sogn og Fjordane på veg ut til deg. Her får du turskildringar og fantastiske bilete av dei 26 dagsturhyttene våre.

19. november 2019 |  Les meir ›
Illustrasjon som syner fylkesvåpenet.

Møte i fylkesutvalet 25. november

Det er møte i fylkesutvalet måndag 25. november. På saklista står blant anna endringar i budsjett 2019, namn på tunnel i Årdal og høyring om skattlegging av vasskraftverk.

19. november 2019 |  Les meir ›