Sogndal vidaregåande skule
NYTT SKULEÅR: Sogndal vidaregåande skule har rundt 760 elevar fordelt på både studiespesialiserande og ei rekke yrkesfaglege programområde. Skulen ligg på Fosshaugane Campus, der elevar og tilsette flytta inn i nytt og samlokalisert bygg i 2017. (Foto: Vestland fylkeskommune)

NYTT SKULEÅR: Sogndal vidaregåande skule har rundt 760 elevar fordelt på både studiespesialiserande og ei rekke yrkesfaglege programområde. Skulen ligg på Fosshaugane Campus, der elevar og tilsette flytta inn i nytt og samlokalisert bygg i 2017. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Hektisk innspurt – godt å vere i gang

Denne veka starta over 20 000 elevar på dei vidaregåande skulane til Vestland fylkeskommune, rundt 760 av dei ved Sogndal vidaregåande skule. Her kan det nye året by på færre karakterar, vindmøllebygging og nye lokale på Kaupanger.

Tekst: Birthe Johanne Finstad

Det vart ein hektisk opptakt til skuleåret for rektor Jorunn Felde og resten av leiinga ved Sogndal vgs. Etter 2. inntaket stod 23 av søkjarane med ungdomsrett utan skuleplass. Ei ekstra klasse studiespesialiserande vart løysinga. Då måtte mykje av timeplanen leggjast på nytt.

Viktig for motivasjonen

– Det kom litt seint, men vart veldig bra, og no er det godt å vere i gang. Det var kaotisk her, men eg er så glad det ordna seg. Den ekstra klassa gjorde at fleire av dei som hadde søkt studiespesialiserande kom inn på det, og frigjorde plassar på yrkesfag for ein del som stod på venteliste der. Det har mykje å seie for motivasjonen at elevar får gå på det dei har mest lyst til, slår Felde fast.

Vestland fylkeskommune oppretta til saman seks nye klasser før skulestart. Det vart oppretta påbygg-klasser ved Eid, Os og Åsane vgs, i tillegg til ei ekstra klasse studiespesialiserande ved Hafstad vgs og ei ekstra elektro og datateknologi ved Askøy vgs.

No har alle søkjarar med ungdomsrett i fylket fått eit tilbod om skuleplass, og 84,5 prosent fekk førsteønsket sitt oppfylt.

foto av elevar ved Sogndal vgs på tribuneanlegget på Fosshaugane stadion.
NYE ELEVAR: Konsekvensar av vala ein tek var gjennomgangstema for samlinga for vg1-elevane ved Sogndal vgs på den tredje skuledagen. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Karakterdempa skule

Rektoren i Sogndal er oppteken av å skape ein god skulekvardag for elevane sine, og legg vekt på prinsippet om å fornye og forbetre i små steg. Det gjer skulen blant anna ved å prøve ut elevaktive læringsformer, der målet er at elevane blir sett og møtt der dei er.

Ein måte å gjere det på er eit prosjekt med karakterdempa skule. Det vart testa på to vg1-klassar i norsk og engelsk førre skuleår, og målet er å utvide til alle vg1-klassar etter kvart. Det går ut på at elevane får berre terminkarakter, og ikkje karakter som vurdering på innleveringar, prøvar og oppgåver.

Læring må skje i prosess

Vibeke Viem og Jenny Marie er to av lærarane som har testa det ut.

– Vi såg at vi hadde forbetringspotensial når det gjeld vurdering for læring, og at når elevane fekk fekk både karakter og ei skriftleg tilbakemelding, såg dei mest på karakteren. Det kjendest litt bortkasta, samtidig som det er lite læring i det. Læring må skje i prosess, og det var også eit mål for oss å dempe stressnivået og skape eit godt læringsmiljø for vg1-elevane, fortel dei to.

I den nye måten å jobbe på får elevane samarbeide om tekstskriving før dei leverer inn. Dei får så tilbakemeldingar og får jobbe vidare med teksten og levere inn på nytt. Tekstane blir samla i ei mappe, og ved terminslutt fekk elevane vere med å velje ut tekstane som skulle telje for sluttvurderinga.

Får sjans til å forbetre seg

Før det nye skuleåret skulle ta til, fekk elevane vere med å bestemme om dei vil halde fram å jobbe på denne måten. Det ville dei aller, aller fleste. Blant dei Tea Volle, som i år er elev ved vg2 studiespesialiserande og elevrådsleiar ved Sogndal vgs.

– Det var bra fordi vi fekk samarbeide, og fordi vi faktisk kunne bruke tilbakemeldingane til å forbetre teksten. Då trur eg vi lærer meir enn ved å berre få ei vurdering på ein tekst og så gå vidare til neste. Om ein har ein dårleg dag, så får ein sjans til å forbetre teksten sin før endeleg innlevering. Eg trur også det då blir lettare å ta med seg tilbakemeldingane til neste tekst, seier ho.

foto av Tea Volle, elev ved Sogndal vgs
NY SJANSE: Tea Volle er ein av elevane som var med i prosjektet karakterdempa skule førre skuleår. Ho er positiv til å halde fram, og tykkjer noko av det som er bra med prosjektet er at elevane fekk ein ny sjanse til å forbetre tekstane sine før endeleg innlevering, etter å ha fått tilbakemeldingar frå lærar. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Skal byggje vindmøller

Eit anna prosjekt som er på gang ved Sogndal vgs dette skuleåret er vindmøller. På eit naturfagsrom langt inni ein gang sit lærar Vemund Flatebakken og eksperimenterer og testar. Målet er at elevane skal lage både arbeidsteikningar og ikkje minst byggje sine eigne vindmøller i anten papp, tre, med 3D-printing eller i anna materiale. Om han får prinsippet til å fungere då. Det trur han skal gå.

– Det er viktig at elevane ser prinsippa, og at dei gjer det til sitt eige prosjekt. Om vi klarer å bruke tid på det, blir ein gjerne meir nøgd, og ikkje minst stolt over det ein har laga. Ein del av prosjektet er også at elevane kan sjå kva både fordelar og ulemper det er med vindmøller, fortel Flatebakken.

Han fortel at vindmøllebygginga kan vere relevant for elevar som går elektro, i fysikk og i faget teori og forskingslære.

lærar Vegard Flatebakken ved Sogndal vgs
VINDMØLLER: Lærar Vegard Flatebakken har vindmøllebygging på planen for det nye skuleåret. Inntil vidare jobbar han sjølv med ein prototype han har laga ved 3D-printing. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Nye lokale på Kaupanger

Sogndal vidaregåande skule held til på Fosshaugane Campus i Sogndal, saman med blant andre Høgskulen på Vestlandet og Sogndal Fotball. Men noko av undervisninga går føre seg i nabobygda Kaupanger, og der skjer det store ting i form av eit nytt bygg. Elevane som går vg2 transport og logistikk og vg2 anleggsteknikk har noko av undervisninga si her. Og dei som går det halvårige kurset i yrkessjåfør har all undervisning her.

– Her blir det blant anna lærarrom for yrkessjåførlærarane og vaske- og parkeringsanlegg for alt stort utstyr, som i dag står ute, og som difor kan vere utfordrande å vedlikehalde og vaske. Vi overtek bygget 11. september og håpar å ta det i bruk så snart som mogleg etter det, fortel rektor Jorunn Felde.

I same bygg leiger vitensenteret Vitemeir, som opnar 11. november, lokale.

– Sei hei

Av dei rundt 760 elevane på Sogndal vgs er det ei rekke hybelbuarar, og at livet er meir enn skule var tema på dag tre av det nye skuleåret. Då samla alle vg1-elevane seg på tribuna på Campus Fosshaugane. Der fekk dei besøk av ungdomsavdelinga i kommunen, som har kontor på skulen, av miljøkoordinatorane og av politiet.

foto frå Sogndal vgs, der miljøkoordinatorane presenterte seg for nye elevar i august 2021.
MILJØKOORDINATORAR: Charlotte Alme Bringe (t.v.) og Kari Johannessen Bakke er miljøkoordinatorar ved Sogndal vgs, og på dag tre av det nye skuleåret presenterte dei seg sjølve for alle dei nye vg1-elevane. Miljøkoordinatorane arrangerer open kveld ein dag i veka, er tilgjengelege på snapchat og har alltid ei opa dør for elevane. I bakgrunnen er ungdomsleiar i Sogndal kommune, Maria Kalstad Brun (t.v.) og rektor Jorunn Felde. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Miljøkoordinatorane Charlotte og Kari arrangerer open kveld ein gong i veka, der alle som ønskjer kan delta og få gratis middag. Første torsdagen i skuleåret inviterte dei også til hybelkveld, med informasjon, gratis pizza og helsesøster på besøk.

Tema for tribunesamlinga var konsekvensar av vala ein tek. Ungdomane fekk ein kort introduksjon om både kva rolle politiet og ungdomsavdelinga har, og korleis begge jobbar for at ungdomane skal ha det bra. Ei oppmoding gjekk att frå både miljøkoordinatorar, ungdomsleiaren i kommunen og politikontakten: – Sei hei til alle.