Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Støtte og rådgjeving/Helsetenesta

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta er eit tilbod til alle elevane ved skulen. Ved oppstarten av nytt skuleår går helsesjukepleier rundt i 1. klassane (Vg1) og informerer om korleis du kan bruke denne tenesta.

Helsesjukepleier har slik kontortid:

Måndag

Tysdag

Onsdag

Torsdag

Fredag

Kl 9-14: Open dør

Kl 9-15: Timeavtalar

 

Kl 9-14: Open dør

Kl 9-12: Møtetid helsestasjonen
Kl 12-15: Timeavtalar

Samstundes kan helsesjukepleier motta sms alle dagar på mobil 415 61 255.

Psykiatrisk sjukepleiar

Psykiatrisk sjukepleiar er tilstades tysdagar kl 08.00 til 15.00 (kontor ved sida av helsesjukepleier)
Timebestilling via helsesjukepleier, kontaktlærar eller helsestasjon.
Kontakt per. telefon/SMS: 458 76 286 eller
via e-post: aase.storegjerde@sogndal.kommune.no

Skulelegen

Skulelegen er tilstades torsdagar kl 12:30-15:00 (kontor ved sida av helsesjukepleier).
Ønsker du time hjå skulelegen, ta kontakt med helsesjukepleier.
Det vil vere nokre torsdagar skulelegen ikkje er tilstades på skulen.

Målsettinga med skulehelsetenesta er:

  • Å fremja god helse og trivnad
  • Å gi elevane kunnskap og støtte til å betre helse og livskvalitet
  • Å førebygge problem og helseskade

Det er ingen rutineundersøkingar i den vidaregåande skulen. Det blir lagt vekt på at du er ansvarleg for eiga helse.

Skulehelsetenesta kan gi deg råd og rettleiing om:

  • Generelle helsespørsmål
  • Kosthald og fysisk aktivitet
  • Psykiske vanskar
  • Rusmidlar (alkohol, tobakk, narkotika)
  • Seksualitet, prevensjon og kjønnssjukdommar
  • Graviditet og abort

Her har du nokre døme på kva vi veit fleire ungdomar strevar med:

  • Å tilpassa seg ein ny skule og få nye vener
  • Hovudverk, magesmerter og konsentrasjonsproblem
  • Vanskelege heimeforhold
  • Angst og depressive tankar
  • Rusproblem
  • Å ha blitt seksuelt misbrukt, eller utsett for vold.
  • Problem i forhold til mat, kropp og vekt
  • Å finna eigen seksuell identitet/legning
  • Å finne identitet og rotfeste
  • Mobbing
  • Å oppleve sorg eller krise

DETTE ER VONDT Å GÅ MED ALEINE - PASSAR NOKO AV DETTE PÅ DEG, TA KONTAKT!!

Nokre gonger kan det vere godt å ha ein vaksen person å snakke med, sjølv om ein ikkje har eit spesielt problem, då er du og VELKOMMEN.

Du treng ikkje bestille time. Stikk innom i trefftida. Du kan og få ein timeavtale viss du ønskjer det.

Helsesjukepleier kan gi råd, rettleiing og hjelp direkte eller vere til hjelp med å etablere kontakt med lege og fysioterapeut. Vi kan og tilvise vidare til andre instansar, dersom du vil.

Helsestasjon for ungdom (HFU)

Helsestasjon for ungdom er ope onsdagar frå 13.30 til 17.30 nede på Sogndal helsestasjon for alle ungdomar under 20 år. Møt opp i opningstida eller ta kontakt med helsesjukepleier på skulen, Linda Habbestad Skorve, for å få time til helsestasjon for ungdom.
Stengt i skuleferiar.
Meir info om helsestasjon finn du her.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Linda Habbestad Skorve.jpg
Linda Habbestad Skorve
helsesjukepleier
415 61 255
linda.habbestad.skorve@sfj.no