Sogndal vidaregåande skule
Hjalmar på ski

Hjalmar på ski

Hjalmar fornøgd med eigen innsats i ski-VM

Neste mål er OL i Beijing! 

Å delta i ski-VM i Oberstdorf var ei stor og inspirerande oppleving. Det seier 3 STB-eleven Hjalmar Michelsen som representerte Danmark under VM i Tyskland nyleg. Hjalmar er no tilbake på Sogndal vgs etter den obligatoriske heimekarantena etter VM. Han vart ein av dei beste på det danske laget med 2 deltakingar i sprintrenna. Hjalmar gjekk in til ein 90. plass på sprintprologen. Ein god prestasjon i konkurransen med heile 150 startande. Før det var det i tillegg ei eiga kvalifisering for å få gå prologen. Sjølv om spranget opp til dei beste er stort gjorde den sympatiske SVGS-eleven frå Leikanger seg seg slettest ikkje bort i sprintlangrenna. Innsatsen på prologen resulterte også i at han fekk gå sprintstafett for Danmark.

Hjalmar får trent eindel i skuletida ettersom han har toppidrett i ski som 5-timars programfag, saman med Idrettslinja. Eg starta å konkurrera på ski som 17-åring seier Hjalmar, som med mor og far frå Danmark flytta til Sogn som 16-åring. Også kretslaget i Sogn og Fjordane utgjer eit fint treningsmiljø.

Neste mål er å kvalifisera seg til OL i Beijing om eit år. Men der er nålauget svært trangt. Danmark får med berre ein deltakar i OL. Eg har også eit blikk mot Milano-OL i 2026. Resultata i Oberstdorf og det å vera ein del av VM-sirkuset var ei skikkeleg vitaminpille for vidare satsing seier Hjalmar.

No står skuleavslutning med eksamen og mykje lesing for tur for Hjalmar. Kanskje vert det også tid til litt russefeiring for avgangseleven frå Leikanger.

Tekst: Inge Kjell Holme