Sogndal vidaregåande skule
Elev som jobbar framfor PC

Foto: Pixabay

Hybelsamling

Tekst: Charlotte Alme Bringe

Som føregåande år arrangerar miljøkoordinatorane saman med helsesjukepleiar Linda og Ungdomsavdelinga i Sogndal Kommune, hybelsamling fyste skuleveka.

Der informerar me om ulike aktuelle tema som hybelbuar. Nytt av året er at me har fått med oss Torill Anita Segtnan frå Sogn Brann- og redning som skal ta føre seg brannførebygging på hybel.

Her kan du lese meir om brannsikker hybel/studentbustad:

https://www.sikkerhverdag.no/brann/forebygge-brann/brannsikker-studentbolig-dette-har-du-krav-pa/

Etter ein inforunde i Trollsalen, vanka det gratis pizza på alle som møtte.

Ei kjekk stund, og ein liten forsmak av kva Open Kveld er. Open Kveld er kvar onsdag og torsdag med gratis middag (foreløpig fram til jul) og ulike sesongprega aktivitetar ute og inne.