Sogndal vidaregåande skule
Nærbilete av hender, ei kvinne som jobbar framfor PC

Foto av STIL frå Unsplash

Informasjon 13. mars 2020

Her kjem litt informasjon som vi ber elevar, foreldre og føresette lese gjennom. I tillegg ber vi elevane om å halde seg orientert om det som til ein kvar tid skjer i Teams.

Tekst: Jorunn Felde, rektor Sogndal VGS

Vi får meldingar om at de er veldig gode som nettelevar, det er særs kjekt å høyre! Det er flott med ei slik erfaring frå dag ein, og det er viktig at de framover også held fram med å gjere ein god innsats med skulearbeidet. Det store ansvaret de no er pålagde med ansvar for eiga læring ser også ut til å fungere.

Vi legg ut informasjonen på Teamsgruppa elevar 19-20. Dersom det er elevar som ikkje får desse meldingane, gje tilbakemelding til skulen via chat, så ordnar vi det. Vi legg òg ut informasjonen på nettstaden vår, men det tek litt lengre tid å få gjort. Difor – bruk Teams og hald dykk orientert der!

Dersom nokon treng utstyr på skule, ta kontakt med lærar og avtal tidspunkt. Vi låser dykk inn.

For dei av dykk som er på elevereiser i Irland og London, så har vi fått beskjed om at det ordnar seg med heimreise i løpet av helga. De får karantene i 14 dagar.

Elevar som sit i karantene får ikkje kome inn på skulen. Dei dette gjeld må anten få andre til å hente for seg, eller møte på utsida av skulen og få utstyr levert. Ta kontakt med lærar for avklaring.

Elevar som er på utveksling heile vg2 får kome tilbake på skulen om de ønskjer det. Ta kontakt med skulen, og så avklarar vi nærare.

Vi får ein del spørsmål om yrkesfag om utplassering og undervisning. Vi ventar på meir informasjon, og gir tilbakemelding så snart vi veit.

Ut frå det vi veit no så går fagprøveavvikling som normalt, med unntak av Helse og omsorg. Der er alle prøver avlyste. Prøvenemnda avklarar om det er forsvarleg. At skulen er prøvestasjon skal vere uproblematisk, men akkurat dette blir sjekka ut med styresmaktene.

Elevtenesta er operativ, og elevar som ønskjer det gjer avtale med dei på chat eller video i Teams.

Så minner vi om at vi fører fråvær og at de skal møte til undervisning. Dersom nokon av dykk har problem med utstyr, å kople opp eller andre ting, ta kontakt med læraren din. Dei vidareformidlar kontakt til nokon som kan hjelpe.

Informasjon om russetida blir lagt ut på Teamsgruppa til russen. Vi er klar over at alle avgrensingane i møteplassar er kjedeleg for dykk, men det er viktig at de tek del i den nasjonale dugnaden der vi alle bidreg for å redusere smitte til dei som ikkje toler sjukdom så godt.

Då ønskjer vi god helg til alle, og velkomen til nettundervisning måndag morgon!