Sogndal vidaregåande skule
Bilete syner hovudinngangen til Sogndal vidaregåande skule

Bilete syner hovudinngangen til Sogndal vidaregåande skule

Informasjon om skulekvardagen veke 1 og 2

Etter regjeringa sin pressekonferanse søndag 3. januar starta vi med heimeskule første skuledag etter nytt år. Vi har no planlagt kven som skal vere på skulen i veke 1 og 2.Informasjon om dette finn de i vedlagde fil. Elevane har fått informasjonen på Teams. Dersom planane om når elevane skal på skulen vert endra, varslar vi dykk om ny versjon via SMS og legg han ut på Teams. Vi følgjer stort sett prøveplanen som er lagt ut.

Når elevane kjem på skulen, er det særs viktig at dei vaskar hender og held avstand til kvarandre. Etter avtale med elevrådet, har elvane ansvar for dette sjølve. Hugs at det er ein meters avstand som gjeld. Kantina er open, og for å unngå at vi får smitte på skulen er det viktig at elevane brukar borda som er merka med klassenamn. Stolane skal ikkje flyttast på.

Frå i haust veit vi at det er trongt på skulebussen, og at skuleskyssen er flaskehalsen vår. Vi oppmodar alle elevar om å bruke alternative transportmåtar til skulen. Etter smittevernrettleiaren kan elevane sitje på kvart sete. Det veit vi er vanskeleg å forstå. Elevane må difor sjølve vurdere om dei vil bruke munnbind eller ikkje når dei sit på bussen. Elevar frå same hushald kan sitje saman. På skulen er det ikkje nødvendig med munnbind.

Vi ønskjer at elevane nyttar ulike inngangar når dei kjem på skulen for å hindre trengsel. Sjå kart her som viser kva inngangar programområda skal bruke.

Elevar som har holtimar kan framleis nytte grupperom og kantina, men dei må gjere reint etter seg. Reinhald set ut papir og flasker slik at den jobben er enkel å gjennomføre.

Skulen er open mellom klokka 08.00 og 15.45, og de når oss på telefon 57 67 64 00 dersom de lurer på noko. Om de har behov for å møte oss ønskjer vi at vi møtes digitalt. Ta kontakt med oss for avtale.