Sogndal vidaregåande skule
Inngang_Sogndal vgs

Informasjon oppstart januar 2022

Elevane startar på skulen att 3. januar 2022, og vi startar på raudt trafikklys der litt over halvparten av elevane er på skulen til ei kvar tid. Plan for kven som møter når ligg på teams der elevane har tilgang. Føresette har ikkje tilgang til teams. Alle elevane får tilbod om covid-testing måndag og tysdag. Dersom nokon testar positivt, må dei hentast av føresette.

For å sikre at vi greier å halde alle krava som er til skuledrift på raudt nivå har vi laga nokre køyrereglar.  

Dette gjeld for opplæring på skulen: 

  • Ikkje møte på skulen dersom du er sjuk. Ved sjukdom og fråvær må du melde frå til kontaktlærar. 

  • Pultane står med ein meters avstand. Dei skal ikkje flyttast på. Sit med avstand i klasserommet, også når det er gruppearbeid.  

  • Hald minst ein meter avstand frå kvarandre i friminutta 

  • For å hindre smitte er det viktig at alle held seg i avdelingane dei høyrer til. Fellesareala nyttar vi for å kome seg frå ein stad til ein anna.  

  • Kantina er open for å handle, men ikkje for å sitje. Lunsjen kan de ete i klasserommet, men aller helst ute.  

  • Alle tilsette og elevar må gå kortaste vegen inn og ut av skulen. 

  • Når undervisninga er ferdig er det viktig at de forlèt skulebygninga. 

  • Kroppsøving blir gjennomført med tilpassing etter gjeldande smittevernreglar for elevar som er på skulen. Følg instruks frå faglærar. 

  • Enkelte grupper og elevar kan bli bedt om å møte på skulen for vurdering eller anna praktisk undervisning sjølv om det elles er heimeskule. Elevane må følgje med på meldingar frå faglærarar. 

Dette gjeld for opplæring på teams: 

  • Dersom du ser av planen at du skal ha heimskule må du passe på å ta med deg bøkene heim
  • ​Ver til stades og pålogga teams ved oppstart av timen. Vi oppfordrar til å ha kamera på ved opprop og elles når læraren ber om det.  
  • ​Meld frå til faglærar og kontaktlærar dersom du ikkje kan delta i den digitale opplæringa. Hugs eigenmelding ved helsefråvær og dokumentasjon på anna fråvær. 

Vi følgjer Sogndal kommune sine vurderingar kring risikonivå og munnbindbruk. Elevane finn informasjon om dette på teams.