Foto som syner deltakarar på næringsreisa i Nordfjord hausten 2016.
Foto som syner deltakarar på næringsreisa i Nordfjord hausten 2016.

Avdelingsleiar Johanne Elisabett Sørdal ved Stryn vidaregåande skule fortel deltakarane på næringsreisa om velferdsleilegheita som er laga til på skulen – som del av undervisninga i helsefag. Leilegheita er utstyrt med framtidas velferdsteknologi med alle slags hjelpemiddel, for at eldre skal kunne bu lenger heime.

Innhaldsrik næringsreise 2016

For sjette år på rad har fylkeskommunen arrangert næringsreise for blant andre rådgjevarar i grunnskule og vidaregåande, arbeidslivskontaktar og Nav-tilsette. I år gjekk turen til Nordfjord.

Næringsreisa skal gje informasjon om utdanningsprogram, lærlingsituasjon og tilgang til arbeidsplassar. Årets opplegg var eit samarbeid mellom Karriere Sogn og Fjordane og dei vidaregåande skulane i Stryn, Måløy og på Eid.

Helse og mat

Deltakarane på næringsreisa var innom fleire stadar i Nordfjord, med oppstart på Stryn vidaregåande skule første dagen, så vidare til Eid for middag, sosialt samvær og overnatting. Andre dagen gjekk reisa vidare til fleire aktuelle lærebedrifter i Vågsøy kommune. Tema i år var fagområda til utdanningsprogramma helse- og oppvekstfag og restaurant- og matfag.

Presentasjonar frå dag ein

På Stryn vidaregåande skule såg programmet slik ut:

Bedriftsbesøk på dag to

Dag nummer to var sett av til bedriftsbesøk, og deltakarane på næringsreisa var innom desse bedriftene – som er svært ulike i både innhald og storleik:

For meir informasjon

Siv Kristin Flekke
Karriererettleiar HAFS og Sunnfjord
siv.kristin.flekke@sfj.no
415 30 715

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00