Sogndal vidaregåande skule
Inngangsparti til Sogndal vgs

Jorunn Felde blir ny rektor

Fylkesrådmannen har tilsett Jorunn Felde som ny rektor ved Sogndal vidaregåande skule.

Felde er 51 år og bur på Leikanger, men har vakse opp på Byrkjelo.

Ho har arbeidserfaring frå vidaregåande skule, som personalleiar og seksjonssjef i Statens vegvesen og som administrasjonssjef hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. I dag er ho organisasjon- og strategidirektør hjå Fylkesmannen i Vestland.

Det var sju søkjarar til rektorstillinga.

Tips ein ven Skriv ut