Sogndal vidaregåande skule
Russen 2021 - Rosa sløyfe-aksjon

Russen 2021 - Rosa sløyfe-aksjon

Krafttak mot kreft 2021

I år vert det digital bøsseinnsamling for russen 

Grunna ein uoversiktleg situasjon i store delar av landet, med mutert virus som smittar lettare, har Kreftforeningen valt å heildigitalisere Krafttak mot kreft. Det betyr at innsamlinga i år går føre seg via digital bøsse og på vipps. Sjølv om russen ikkje går dør til dør er aksjonen minst like viktig som før. Kreft tek ikkje pause. 

FAKTA OM KRAFTTAK MOT KREFT 2021:
• Krafttak mot kreft er Kreftforeningens årlege innsamlingsaksjon og Noregs nest største innsamlingsaksjon.
• Sida 2006 er det samla inn over 360 millionar kroner til kreftsaka gjennom Krafttak mot kreft.
• I Krafttak mot kreft 2021 samlar russen inn pengar til kreftformer som få overlever.
• For 50 år sida overlevde 3 av 10 sin kreftsjukdom, nye tal frå 2019 viser no at 3 av 4 overlev. Forsking nyttar!
• Bak statistikken skjuler det seg store skilnader. Det er framleis fleire kreftformer som svært få overlev. Lungekreft, bukspyttkjertelkreft og hjernekreft er blant desse. Under to av ti overlever desse kreftformene.
• Kreftforeningen ønsker å bidra til å endre denne alvorlege situasjonen. Pengane som samlast inn under årets Krafttak mot kreft skal gå til kreftforsking for å bidra til at fleire overlever, og til gode omsorgstilbod for pasientar og pårørande.
• For meir informasjon: www.krafttakmotkreft.no

Ulike måtar å bidra til innsamlinga: