Sogndal vidaregåande skule
Elevane i aksjonskomiteen for krafttak mot kreft

Foto: Brita Grønsberg og Vilde Bjørkum

Krafttak mot kreft 2021

Årets KMK vart litt annleis enn forventa. Beskjeden om at dør-til-dør-aksjonen vart avlyst, kom i vinterferien, og komiteen måtte då tenka heildigitalt.

Motivasjonen vart ikkje mindre, det var lagt ut på instagram, og facebook, digital bøsse vart oppretta og vippsnummer var alt klart frå Kreftforeningen si side.

Komiteen, som består av Birthe Lerum Hjellhaug, Emilie Helland, Jannicke Kjelven og Elena Lereng, gjorde ein fantastisk innsats. Sogndal vgs samla inn 189 300,-. I tillegg har Sogndal kommune løyvd ein større sum som ikkje er med i totalsummen, slik at beløpet er tett oppunder kr 200 000! Pengane går til forskning på kreftformer som få overlev. 

Sogndal vgs er den enkeltskulen som har samla inn det desidert største beløpet i heile Vestland. 

Sogndal vgs og komiteen takkar alle som har donert pengar til det viktige arbeidet Kreftforeningen gjer. Tusen takk!