Foto frå Nærøyfjorden i Aurland.
Foto frå Nærøyfjorden i Aurland.

Foto: Rolf M. Sørensen

Kulturminne på verdsarvlista

Tilskot til kulturminne på verdsarvlista – Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden.

Kven kan søkje?

Private eigarar og forvaltarar av kulturminne i Vestnorsk fjordlandskap – delområde Nærøyfjorden. Stiftingar vert rekna som private eigarar.

Korleis søkjer du?

Du sender søknaden din til Sogn og Fjordane fylkeskommune anten på e-post til post@sfj.no eller som brev til Sogn og fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger.

I emnefeltet/overskrifta i e-posten/brevet skriv du: «NAMN PÅ KULTURMINNE/BYGNING – Søknad om tilskot frå statsbusjettet 2020 kap. 1429 post 79»

Søknadsfristen for 2020 er 1. desember.

Retningsliner

Råd og rettleiing i samband med søknad

Kvar søknad kan handle om eit kulturminne. Du kan søkje om tilskot til fleire kulturminner, men må då må du sende inn ein søknad pr. kulturminne.

Søknad om tilskot skal innehalde:

  • Namn på kulturminne
  • Namn og kontaktperson på søkjar
  • Skildring av skaden som skal utbetrast
  • Skildring av korleis istandsetjinga skal gjennomførast
  • Budsjett for arbeidet som skal gjerast
  • Finansieringsplan for istandsetjinga
  • Fyljande vedlegg:
    • Foto som syner skaden som skal setjast istand. Her er det viktig at du legg med både oversiktsbilete som syner skaden på bygningen og detaljfoto.
    • Kostnadsoverslag frå handverkar.
    • Fullmakt frå eigar dersom søkjar er ein annan enn eigar. Der det er fleire eigarar av bygningen, må det leggast med fullmakt frå dei andre eigarane.

Finansieringsordning

Tilskot frå Statsbudsjettet kap. 1429 post 79 Tilskot til verdsarven

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

For spørsmål om søknad

Arlen Bidne
arlen.synnove.bidne@sfj.no
415 30 934

For spørsmål om sjølve istandsetjinga

Stig Nordrumshaugen
stig.andreas.nordrumshaugen@sfj.no
995 67 194

 

Eksterne lenker