
Kunst, design og arkitektur - studieførebuande utdanningsprogram
Kunst, design og arkitektur
Er du interessert i å male, teikne eller skape noko med hendene? Og ønskjer du samstundes å få studiekompetanse slik at du kan komme inn på høgskular og universitet? I så fall kan Kunst, design og arkitektur (KDA) vere det rette for deg.
Namnet på programområdet skildrar godt det du vil få arbeide med: Kunst (teikning, maling, skulptur, installasjonar m.m), Design (grafisk design, layout, produktdesign, industridesign m.m), og Arkitektur (3D-teikneprogram, perspektivteikning, bygge modellar av bygningar/hus, interiør m.m). Programområdet er studieførebuande. Hafstad vgs tilbyr følgjande:
VG1 Kunst, design og arkitektur (KDA)
VG2 Kunst, design og arkitektur (KDA)
VG3 Kunst, design og arkitektur (KDA)
Hafstad vgs ligg sentralt til i Førde, og skulen er vakkert plassert like ved elva. Det er inntil 30 elevar i klassane, men i fleire programfagtimar blir klassen delt i grupper på 15. I kroppsøving og i dei fleste av programfagtimane er klassen i Førdehuset. I Førdehuset er det gode verkstader og lokale til å arbeide med kreative fag. KDA-klassane vil også ha sine eigne klasserom på Hafstad vgs., der det meste av undervisninga i fellesfag vil vere.
Over: Interiørteikning/elevarbeid av Joanna frå 3sfa. Oppgåve med faglærar Grete Huus
FILM om Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs
BLOGG for Kunst, design og arkitektur ved Hafstad vgs, med informasjon og bilete av elevar- og elevarbeid frå programområdet.
Over: Karikaturteikningar og maleri - av elevar på formgjevingsfag vg3. Foto: Wenche Steinsvik
På vilbli.no står følgande informasjon om Kunst, design og arkitektur:
Du lærer
- å teikne
- utforming av gjenstandar i ulike materiale
- å vidareutvikle dine kreative evner
- om kunst og kultur
- om stad- og byutvikling
- teoretiske fag
Over: Elevar på formgjevingsfag arbeider med kullteikningar. Foto: Wenche Steinsvik
Du bør vere
- glad i å teikne
- kreativ
- interessert i design, form og farge
- opptatt av estetikk
- interessert i å skape noko
Over: Elevar på formgjevingsfag arbeider med installasjonar. Foto: Mona Fossdal
Du oppnår
- studiekompetanse og kan ta høgare utdanning
Viss du tek høgare utdanning, kan du blant anna bli
- arkitekt, landskapsarkitekt eller interiørarkitekt
- produktdesignar, industridesignar eller grafisk designar
- kunst- og kulturformidlar, kurator eller kunstnar
Du kan også utdanne deg til andre yrke – med generell studiekompetanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet.
Over: Elevar på formgjevingsfag arbeider med kullteikningar. Foto: Mona Fossdal
Arbeidsstadar kan vere
- arkitektkontor eller bygg- og entreprenørbedrifter
- produksjonsbedrifter eller designbyrå
- museum, galleri eller kunstnaratelier
Over: Sykkelinstallasjon laga av elevar på formgjevingsfag v. Hafstad vgs. Foto: Mona Fossdal
Opptakskrav til høgare utdanning
Med generell studiekompeanse kan du søke dei fleste studium ved høgskular og universitet. Men nokre studium har særskilte opptakskrav:
- Opptaksprøver: Mange arkitektur- og kunstfaglege studium krev ein praktisk opptaksprøve. Med kunst, design og arkitektur får du eit godt grunnlag for å gjennomføre slike opptaksprøvar.
- Realfagskrav: Nokre studium krev at du har visse realfag. Døme på slike studium er ingeniør-, realfags- og medisinske studium og arkitektur ved NTNU. Du finn opptakskrava til høgskule- og universitetsstudium på samordnaopptak.no. På kunst, design og arkitektur kan det vere vanskeleg å få plass på timeplanen til å velje alle dei realfaga du vil trenge. Sjekk med skulen din om dei kan tilby deg dei realfaga du ønskjer å ta.
Over: Koppar laga av elevar på formgjevingsfag. Faglærar Svein Myklebust. Foto: Mona Fossdal
Val av fag i utdanningsprogram for kunst, design og arkitektur
- Tre programfag kan du velje sjølv, eitt på Vg2 og to på Vg3.
- Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan
kunst, design og arkitektur og/eller fag frå eit anna programområde i studieførebuande utdanningsprogram (til dømes realfag eller framandspråk). - Det er opp til skulen din kva slags programfag som blir tilbydd.
- Hadde du ikkje framandspråk på ungdomstrinnet? Då må du ta framanspråk som fellesfag på Vg3 istadenfor det valfrie programfaget på Vg3.
- Dei valfrie programfaga kan vere vidare spesialisering innan
- Har du særskilte framtidsdraumar? Då bør du sjekke opptakskrava til studia, før du vel fag.
- Programfag i framandspråk og realfag gir tilleggspoeng ved opptak til høgare utdanning.
Over: Menydesign laga av elevar på formgjevingsfag vg3 ved Hafstad vgs. Foto: Mona Fossdal
Formgjevingsfag i utdanningsprogram for studiespesialisering (gammel ordning)
- Fra hausten 2016 vil formgjevingsfag bli gjort om til eit eige studieførebuande utdanningsprogram: Kunst, design og arkitektur.
- Elevar som byrja på studiespesialisering (med eller uten formgivingsfag) hausten 2015 eller tidlegere, føljer gammal ordning