Bilde av tillitsvalde på kurs i Trollsalen

Bilde av tillitsvalde på kurs i Trollsalen

Kursing i tillitsvald-vervet

Å vera tillitsvald i ein klasse kan vera nytt for mange. Difor er det kursing i nettopp dette kvar haust ved Sogndal vgs. Måndag 21.september var det samla mange spente tillitselevar i Trollsalen.

Innhaldet i innføringa er sjølvsagt kva som er viktig å hugsa på, korleis ein skal gå fram, og informasjonsflyt mellom klasse og elevråd/vidare opp i leiinga. I tillegg jobba me med temaet mobbing, der det kom fram mange gode innspel på kva ein bør gjera OM mobbing førekjem og kva ein kan gjera for å forhindre mobbing.

Til slutt vart det servert pizza og saft i kantina for god innsats på kurset. Det var god stemning og mange nøgde elevar.

 

Bilde av tillitsvalde i kantina som et pizza