Sjakk-Shah-Konge

28. november 2018

Sjakk 

Ivrig på å spele sjakk?

Då kan du spela på biblioteket, der miljøkoordinatorane har utplassert eit sjakkbrett på eit bord rett ved sofaen.

Sjakk kjem frå Kina, India eller Persia, men det er usikkert eksakt kvar dette opprinneleg oppstod. Iallfall vart spelet fort utbreidd på grunn av den store handelverksemda og truleg ein og annan krig, over landegrensene i heile Asia. Sjakk spreidde seg til Europa med arabarane i perioden då dei hadde herredøme over Spania frå år 716 til 1200-talet.

Sjakk vart etterkvart eit populært strategispel for overklassen og sikkert handelsfolk òg. Mellom anna fekk den spanske kongen Alfonso X. på 1200-talet, laga ei "handbok" i ulike spel slik som sjakk. Denne vart kalla "Libro de los Juegos" (boka om spel), og hadde nokre fine illustrasjonar som viste både kvinner og menn i speleaktivitetar.

libro de los juegos.jpg

Det er mange særskilde uttrykk i sjakk, til dømes "sjakk matt" som tyder at kongen er utspelt av den som har vunne. "Remis" eller "patt", tyder at stillinga er lik mellom motspelarane og spelet endar uavgjort. Kva er ein "dobbeltbonde" då, skal tru?

Kjelder:

Libro de los Juegos. (31. august 2018). Wikimedia Commons. Henta 28. november 2018 frå https://commons.wikimedia.org/wiki/Category:Libro_de_los_juegos.

Sjakk. (27. oktober 2018). Wikipedia. Henta 28. november 2018 frå https://no.wikipedia.org/w/index.php?title=Sjakk&oldid=18930719.

Les meir ›

Fare! Spenning!

Ei god bok

16. oktober 2018

VG1-elevane har etterkvart fått introduksjon på biblioteket, med info, rebus og lappeskriving.

På lappane har elevane skrive kva som er typisk med ei god bok.

godbok4.jpg

Nokre forslag er ikkje til å misforstå!

godbok3.jpg Godbok1.jpg

Vinnar-stikkordet for kva ei god bok er, er definitivt:

Godbok2.jpg

 

Difor er det no stilt ut i biblioteket, eksempel på bøker med høg grad av spenning!

spenning1.jpg

 

Les meir ›