Sogndal vidaregåande skule
Foto: www.vestlandfylke.no

Foto: www.vestlandfylke.no

Kva skjer om transportstreiken vert utvida til Vestland?

Som kjent, er bussjåførar i Vestland tekne ut i streik frå laurdag 26. september etter brot i meklinga mellom NHO Transport og fire arbeidstakarforbund.

Dette er ein lovleg streik som vil inneber at størstedelen av busstilbodet i Vestland vert stansa. Det vert ikkje gjeve dispensasjon for skulekøyring, og det betyr at mange elevar ikkje kjem seg til skulen dersom streiken blir utvida.

Det er viktig at de følgjer med i media om transportsituasjonen. Vi oppmodar alle som har høve til det om å gå eller sykle til skulen eller finne anna transportløysing utan å bryte gjeldande smittevernreglar for skuleskyss.

Dei som må vere heime grunna manglande skuleskyss, skal melde frå til faglærar slik at det kan leggjast til rette for arbeid med oppgåver. Det vert ikkje videoundervisning som følgje av manglande skuleskyss, og det vert ikkje ført fråvær på dei som ikkje kjem seg på skulen.

Vi følgjer med på om konflikten vert løyst eller om det vert gjennomført ei utviding av streiken i Vestland. Når det er streik, kan situasjonen endre seg raskt. Det er difor viktig at de får med dykk korleis situasjonen utviklar seg. Det er difor viktig at de følgjer med i media kva som er situasjonen.

Dersom du treng meir informasjon, sjå artikkel på Vestland fylkeskommune