Sogndal vidaregåande skule/Elev og føresett/Elevtenester/Bibliotek/Læremiddel

Læremiddel - informasjon

Elevar på Sogndal vidaregåande skule får låna gratis læremiddel frå skulen.

Som lånar av læremiddel har eleven følgjande ansvar:

  • Eleven må syte for å ha tilgjengeleg lærebøker og kalkulator til timane, og ta vare på læremiddelet på ein sikker måte. Lærebøker og kalkulator må leverast attende i god stand når skuleåret er slutt.
  • Ein kan ikkje bruke tusj, markeringspenn eller liknande som ikkje let seg fjerne, i bøkene. Men eleven kan skrive namnet sitt på innsida av bokpermen, noko vi oppmodar om sidan det gjer det lettare å halde orden på bøkene.
  • Viss bøkene på ein eller annan måte blir skada eller kjem bort, anten det er i eller utanfor skulen, er eleven erstatningspliktig.

Innlevering:

Når bøkene skal leverast inn att, må eleven syte for at rett eksemplar av den enkelte boka blir levert.
 
Leveringa skjer på skulebiblioteket.
 
Læremiddelet må leverast innan den datoen som skulen har satt som siste leveringsfrist.
Bøker som ikkje blir levert innan denne fristen eller som blir levert etter fristen, blir fakturert.

NB!

Viss ein finn bøker etterlatt på skåp, i gangar eller i klasserom, må dette leverast bibliotekar.
Elevar må ikkje ta bøker som kan vere andre elevar sine!
 
Avtale om lån av læremiddel og utstyr:

Alle elevar må signere på avtale om lån av læremiddel og utstyr frå Sogndal vidaregåande skule.

Avtala er digital, og ein må logge seg på med MiniID/BankID.

Er du under 18 år må føresette signere.

Digitalt skjema her

Meir informasjon om avtala:

Det digitale skjemaet krev autentisering med MinID/BankID ved opning, og aktuelle personalia-felt blir automatisk utfylt. Det er i tillegg ein innebygd alderssjekk slik at alle under 18 må oppgi føresettinformasjon. Ved innsending blir skjemaet signert digitalt, og dersom eleven er under 18 blir det i tillegg sendt eit signeringsoppdrag til den føresette. Etter signering er utført blir innsendinga importert til eleven si mappe i ePhorte. Journalpostane vi ha følgjande tittel: «Lånekontrakt for elevar i vidaregåande opplæring».

Alle innsendingar av signering vil bli lagra i elevmappene i ePhorte, men det er utover det ikkje ein stad der skulane til ei kvar tid vil få fullstendig oversikt over kven som har signert. Eleven sin dokumentasjon på innsendt signering er kvitteringa dei får ved signering. Denne vert sendt dei på e-post.

 

Privatistar:

Viss du alt er elev ved Sogndal vgs, får du låne læremiddel viss du tek fag som privatist. Viss du nettopp har teke avsluttande eksamen ved Sogndal vgs, og som du ønskjer å ta opp på nytt, får du normalt låne læremiddel til det frå skulen, så sant skulen har bøkene du treng.

Om du er privatist som ikkje er elev ved skulen eller hospitant som følgjer undervisninga ved skulen, kan du dessverre ikkje låne lærebøker frå Sogndal vgs! Sogndal vgs pliktar berre å låne ut læremiddel til eigne elevar.

Viss du ikkje er elev ved Sogndal vgs, er nok det beste alternativet å kjøpe bøkene sjølv (for eksempel brukt). Lærebøker eller pensumbøker kan ofte vere vanskeleg å få låne frå bibliotek, sidan desse bøkene er forbehaldne elevar eller studentar ved utdanningsinstitusjonar.