Læreplasskurs – tilbod til deg som endå ikkje har fått læreplass

Ungdom som ynskjer læreplass, men som ikkje har fått plass innan 15. august, får no tilbod om Læreplasskurs. Kurset skal gjere søkjaren meir kvalifisert til å få læreplass.

- Læreplasskurset er eit ekstra tiltak for å kvalifisere ungdomen til å møte arbeidslivet på ein best mogleg måte. Det skal hjelpe ungdomane til å skaffe seg læreplass, seier Sissel Espe, rådgjevar hjå opplæringsavdelinga i fylkeskommunen.

Læreplasskurset er eit heilt nytt tiltak, der alle fylkeskommunane kunne søke om midlar hjå Utdanningsdirektoratet. Dette er eit nasjonalt tiltak for å kvalifisere så mange som mogleg mot ei yrkesutdanning og mot fagbrev.

Kurset har tre modular, og vil gå over om lag 3 månadar med oppstart rundt 1. september. «Læreplasskurset» vert halde på Mo og Øyrane vidaregåande skule og er gratis. Det vert utdelt kursbevis etter avslutta kurs. Søkjarar med ungdomsrett vil bli prioritert.

Gjennom «Læreplasskurset» vil søkjaren få auka sjansane sine til å skaffe seg læreplass. Sannsynlegvis vil fleire deltakarar få læreplass i løpet av kurset.

Kven passar kurset for?

  • Deg som har søkt læreplass, men ikkje fått det
  • Deg som har fått læreplass, men manglar karakter i fag frå Vg1 og Vg2

Kurset skal hjelpe deg til:

  • å bestå i fag du har 1 eller IV i
  • å få auka innsikt i og erfaring frå arbeidslivet
  • å få auka sjølvinnsikt og motivasjon
  • å få lage din eigen karriereplan
  • å skaffe deg læreplass

Kurset inneheld 3 modular:

Modul 1: «Motivasjon og bevisstgjering» består blant anna av ein individuell kartlegging med rettleiing frå profesjonell karriererettleiar.

Modul 2: «Arbeidslivskompetanse» skal gi deg auka innsikt i arbeidslivet sine spelereglar og få auka kunnskap om det å vere i arbeid. Den største delen av denne modulen vil være arbeidslivspraksis.

Modul 3: «Bestått i alle fag frå skule» Alle fag må i utgangspunktet være bestått dersom du skal få fagbrev etter endt læretid. Dersom du har eitt eller fleire fag frå Vg1 eller Vg2 i skule som ikkje er bestått, vil du få tilbod om hjelp til å bestå ein ny eksamen i faget. Ny eksamen i november/desember.

For meir informasjon, kontakt:

Per Jørgen Loen
tlf: +47 57656201 | mob: +47 41530893
Per.Jorgen.Loen@sfj.no

eller

Dagfinn Henjum Sværen
mob: 976 37 863
dagfinn.henjum.sveren@sfj.no

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00