To lærlingar i aksjon med maskiner
To lærlingar i aksjon med maskiner

Foto: Magne Sellevond/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Lærlingsamlingar med aktuelle tema

Fylkeskommunen arrangerer årlege lærlingsamlingar i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. Årets samlingar er 9., 10. og 11. februar på Vesterland Kaupanger, i Førdehuset og på Eid videregåande skule. Om lag 500 lærlingar og lærekandidatar er inviterte, og ca 180 har meldt seg på.

På samlingane får lærlingane innføring i aktuelle tema som rettar og plikter i læretida og praktiske råd frå representantar frå arbeidsgjevarsida. Fagleg ungdomssekretær i LO Øyvind Møller snakkar om det å vere arbeidstakar og fokuserer i tillegg på temaet svart økonomi.

Elev- og lærlingombod Venke Nordeide opplyser om ombodet sitt tilbod, særleg når det gjeld løysing av mulege problem i læreforholdet, og fagskulen i Sogn og Fjordane orienterer om fagskuletilboda, ein utdanningsveg vidare for dei som har fagbrev. Så deltek Statens vegvesen med ein bolk om trafikktrygging. Ungdommane på samlingane representerer den mest utsette aldersgruppa for trafikkulukker, så bidrag til bevisstgjering kring bilkøyring er difor viktig.

Kulturavdelinga i fylkeskommunen stiller med kulturelt innslag gjennom Den kulturelle skulesekken, og musikar Askil Holm vil både spele og halde foredrag.

Program og invitasjon finn du her

Kontaktperson

Knut Grinde
rådgjevar, opplæringsavdelinga
knut.grinde@sfj.no 
57 63 80 94

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00