Illustrasjonsfoto av ein person som sit og jobbar med ein svart pc. Vi ser berre hendene til personen, og biletet er teke ovanfrå. Rundt pc-en ligg det briller, blyant, penn og diverse bøker.
Illustrasjonsfoto av ein person som sit og jobbar med ein svart pc. Vi ser berre hendene til personen, og biletet er teke ovanfrå. Rundt pc-en ligg det briller, blyant, penn og diverse bøker.

Foto: pixabay.com

Ledige plassar på gratis vidaregåande opplæring for vaksne

Over 25 år? No kan du søkje vidaregåande opplæring frå hausten 2018.

Her finn du informasjon om kven som kan søkje vidaregåande opplæring for vaksne, korleis du søkjer, korleis undervisninga føregår og kva fag du kan ta.

Kven kan søkje gratis vidaregåande opplæring?

Alle over 25 år som har fullført grunnskule, men ikkje vidaregåande opplæring, har rett til gratis opplæring spesielt tilpassa vaksne etter søknad.

Vaksne har til vanleg rett på opplæring fram til ønskt sluttkompetanse. Vaksne har òg rett til å få vurdert realkompetansen sin.

Vaksne utan rett kan òg få opplæring, så langt det er ledig kapasitet.

Korleis søkjer eg?

Du søkjer vidaregåande opplæring for vaksne på www.vigo.no. Vel «Vidaregåande opplæring for vaksne / realkompetanse».

Alle nye søkjarar vert kalla inn til samtale, mellom anna for å kartleggje kva fag kvar enkelt treng.

Korleis føregår undervisninga?

Undervisninga er nettbasert med samlingar. Det er ei samling omtrent kvar tredje veke i kvart fag. Samlingane er på ettermiddagstid, og kan såleis kombinerast med jobb. 

Samlingane vert på Førde, Eid og Sogndal. Vi tek atterhald om at det vert nok deltakarar til å ha undervisning alle stadene.

Undervisninga går fram til våren 2019. Du treng ikkje ta alle faga samtidig, men kan fordele dei over fleire år.

Opplæringa er komprimert og krev god eigeninnsats, i tillegg til god norskkompetanse, digital kompetanse og studieteknikk.

For deg som skal ta fag til generell studiekompetanse

Desse faga har ledig plass frå hausten 2018:

  • Norsk
  • Matematikk 1PY/2PY
  • Historie
  • Naturfag
  • Engelsk
  • Samfunnsfag 

Hafstad vidaregåande skule er ansvarleg for opplæringa. Deltakarane får elevstatus og standpunktkarakterar i alle faga. Norsk hovudmål har obligatorisk skriftleg eksamen, i andre fag kan du bli trekt ut til skriftleg eller munnleg eksamen.

For deg som skal ta fellesfag til yrkesfagleg utdanningsprogram

Desse faga har ledig plass frå hausten 2018:

  • Engelsk
  • Matematikk 1PY
  • Naturfag
  • Samfunnsfag 

Hafstad vidaregåande skule er ansvarleg for opplæringa. Deltakarane får elevstatus og standpunktkarakterar i alle faga. Ingen fag har obligatorisk eksamen, men deltakarane kan trekkjast ut til munnleg eller skriftleg eksamen i eitt eller fleire fag.

Undervisninga er samordna med tilsvarande fag til generell studiekompetanse, men matematikk og naturfag vert avslutta i november/desember 2018.

For meir informasjon

Kontakt opplæringsavdelinga på telefonnummer 57 63 83 09 eller 57 63 80 24.

Del dette:

Relaterte lenker

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00