Sogndal vidaregåande skule
valdeltaking_02

Lokal politikar inspirerte elevar til valdeltaking?

Tekst og foto: Tone Bakke
 

I dag hadde vi besøk av Stig Ove Ølmheim for å snakke om kvifor det er viktig at dei unge skal engasjere seg, delta på val og korleis det politiske systemet fungerer i praksis. Stig Ove hadde eit engasjerande innlegg for yrkesfag Vg1 og idrett Vg1.

Stig Ove har eit brennande engasjement for at dei unge skal bry seg og forstå si rolle i dei demokratiske prosessane i samfunnet. Han har vore elev på skulen, har erfaring som kommunestyre og formannskapsrepresentant for Sogndal kommune og som rådgjevar på Stortinget.

valdeltaking_01.jpg

Sogndal vidaregåande skule takkar Stig Ove for engasjementet han viste elevane, og for at han stiller opp og deler av si erfaring og sin kunnskap.