Sogndal vidaregåande skule
Andre kurstilbod

Manglar du karakter i matte eller naturfag og har lyst til å gjere noko med det?

Rettleiingstenesta indre Vestland har oppretta Digitalt læringssenter som tilbyr gratis nettundervising. Opplæringa blir digital kvar veke frå september til privatisteksamen i november/desember.

Faga som blir gjeve opplæring i er matematikk og naturfag for yrkesfag.

Oppstartsdag for begge fag er tidleg i september.

Du vil få tilbod om individuell oppfølging vekentleg om du har behov for det.

Rettleiingstenesta vil gjennomføre kartleggingssamtale for å orientere om gjennomføringa av opplæringa og å kartlegge dine behov slik at vi kan gje deg best mogleg opplæring.

Det er lagt opp til nokre fysiske samlingar på ulike plassar i fylket.

STAD
Digitalt i Teams

PÅMELDING:
https://skjema.vlfk.no/opplaering/soknad/digitalt_laringssenter

Påmeldingsfrist: 29. august

Spørsmål?
Ta kontakt med:
Linn Birkeland, rådgivar Rettleiingstenesta indre Vestland (Voss),
tlf. 48154669, linn.birkeland@vlfk.no
Siv Skulstad, rådgivar Rettleiingstenesta indre Vestland (Sogndal),
tlf. 91870055, siv.adnegard.skulstad@vlfk.no