Marknad

Det å undersøke marknaden er ein veldig viktig fase av innkjøpet. Dette kan vere heilt avgjerande for at konkurransen vert vellukka, og at du får det du vil ha for dei pengane du har.

Måtar å undersøke marknaden på:

  • Snakk med fagpersonar i eiga verksemd eller i andre kommunar.
  • Gå på messer (dette er gjerne eit kontinuerleg arbeid).
  • Snakk med leverandørane. Noter gjerne kven du har snakka med og korleis i protokollen. Du må passe på at du i etterkant ikkje skreddarsyr kravspesifikasjonen til å passe ein tilbydar.Dersom ein leverandør i praksis har blitt brukt som rådgjevar, må du gjere avbøtande tiltak ved til dømes å passe på å gje same informasjon til alle dei andre i marknaden og å sette lengre tilbodsfrist.
  • Vurder om du vil nytte meir strukturerte måtar å ha dialog med marknaden. Det finst fleire gode alternativ. Innkjøpstenesta har kunnskap om dette.

Kva du bør finne ut:

  • Finn ut kva leverandørar som finst. I fylket vårt er utfordringa å få med så mange lokale leverandørar som mogleg i konkurransen.
  • Finn ut korleis leverandørane arbeider, og kva dei kan levere, slik at du i konkurransegrunnlaget ikkje låser leverandørane til noko dei ikkje kan levere, eller noko som er utdatert.
  • Treng moglege tilbydarar (felles) rettleiing i korleis ein gjer eit tilbod? Finst det leverandørar som ikkje naturleg søker på Doffin? Då bør dei òg verte informerte.
  • Finn ut kor store leverandørane er, og korleis økonomien deira er på til dømes proff.no. Kva er gjengs i marknaden? Dette har noko å seie for korleis du bør lyse ut konkurransen, og kva du kan vente deg av svar.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut